Musikk
Blaut postei
Elendig lyd øydelegg Reinoud Van Mechelens Mozart-tolkingar.
Belgiske Reinoud Van Mechelen er tenor.
Foto: Senne Van Der Ven
Pasticcio tyder eigentleg «postei» på italiensk. I musikken blir omgrepet nytta om operaer der ymse komponistar har bidrege med ariar. Slikt var vanleg på 1700-talet, i tida før romantikkens genidyrking. Kven som hadde laga musikken, var ikkje så viktig, så lenge resultatet blei god underhaldning.
Etter Wolfgang Amadeus Mozart er det overlevert elleve slike pasticcio-ariar for tenor og orkester. På Reinoud Van Mechelens nye plate, der han både syng og dirigerer orkesteret A Nocte Temporis, er sju av dei med. Den interessante plata byr på fin stilistisk variasjon, for det eldste stykket blei til då Mozart var ni år, og det yngste då han var 27. Orkesteret spelar bra, og solisten har skifterikt uttrykk tilpassa affekten i dei ulike ariane.
Blaut postei
Lyttinga er likevel ein blanda fornøyelse. Lydkvaliteten på opptaket er beint fram elendig. Eg trudde fyrst at det var noko gale med høgtalarane mine, men då eg henta fram dei dyre øyretelefonane, læt det like usselt.
Orkesterlyden kling heilt «kloss på»; det er som å sitja inne i fiolingruppa der alle små gnissingar av bogefriksjonen blir høyrlege. Songaren, derimot, læt så «langt borte» at ein skulle tru han stod i eit anna rom. Røysta er dynamisk flat, det artikulatoriske uklårt og ullent, og på stadane der orkesteret klemmer til, druknar teksten heilt. Klangen er som blaut postei.
Intuitivt virtuost
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.