Film
Blenda av Berlusconi
Den store filmen om sleipe Silvio er glatt og lang.
Toni Servillo er sjølvskriven i rolla som Silvio Berlusconi i patetisk figur.
Foto: Gianni Fiorito / Selmer Media
Ingen skal vere betre skikka til å lage film om Silvio Berlusconi enn Paolo Sorrentino, som står bak glitrande gode Il Divo og Den store skjønnheten. Båe er estetisk elegante og seier mykje om Italia i vår tid. Berlusconi er (diverre) det viktigaste italienske maktmennesket i manns minne.
Den personlege, politiske Nanni Moretti skildra Silvio i spelefilmen Il caimano, og leikne Erik Gandini handsama mediemakta hans i dokumentarfilmen Videocracy. No står estetikar Sorrentino for tur.
Sleske Silvio
Tittelen Loro peikar på heiagjengen. Regissøren skapar eit ekstravagant portrett av ein grisk, korrupt og kjønnsdiskriminerande elite. Salet av draumar til dumme massar går strykande.
Toni Servillo er sjølvskriven i rolla som Il cavaliere i patetisk figur. Kulten rundt capoen er vulgær. Sex og dop står i fokus, og store flokkar med damer skal lette vegen til makta.
Ein får litt same inntrykket som med The Wolf of Wall Street, der Martin Scorsese i sin kritikk av kapitalismen i vanvare endar med å hylle dei verste vandalane. Eventuell kritikk av kvinnesynet svinn hjå Sorrentino hen i endelause scener der halv- og heilnakne kvinner med modellform ålar seg framfor kamera.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.