Film
Blod er tjukkare enn Svartvatnet
Går det bra å byta ut britisk påskekrim med svensk? Ja visst!
Tidskoloritten er til å fryda seg over, skriv Brit Aksnes.Tidskoloritten er til å fryda seg over, skriv Brit Aksnes.
Foto: NRK TVFoto: NRK TV
Krimdrama
Ein jonsokaftan i 1973 blir to turistar drepne i teltet sitt ved Svartvatnet i Norrland. Den som finn dei, er Annie (Kamma August) som er på veg til hippiekollektivet på Stjärnberg saman med den vesle dottera si. Nesten tjue år seinare er dei same personane framleis i bygda, med unntak av den personen Annie veit ho såg springa forbi drapsstaden rett før. Kva skjer når Johan Brandberg plutseleg dukkar opp att? Saman med den no vaksne dottera hennar?
Stilsikkert
Det er snart tretti år sidan eg las boka til Kerstin Ekman, og eg som knapt hugsar ein TV-krim eg såg for eit par år sidan, kan fryda meg over at eg ikkje hugsar noko som helst av verken handlinga eller dei skuldige i Hendelser ved vann. Det einaste eg hugsar er at eg likte boka, og eg har gitt ho vekk som gebursdagsgåve for ikkje mange år sidan til nokon eg meinte burde lesa «smart krim».
Med dette vil eg tru eg har sikta til at det er mange lag i både boka og serien, som går på at her er nyanserte problemstillingar som ofte ikkje er det mest framståande i underhaldningskrim av samlebandstypen. Særleg dette med samisk bakgrunn og hets av minoritetar ligg som eit bakteppe som ikkje verkar påtrengande, men som gjev ein ekstra dimensjon.
Elles er Hendelser ved vann fyrst og fremst ein skikkeleg godtepose av ein påskekrim: sektliknande hippiar, sprengkåte bikarakterar og ei skikkeleg mystisk mordsak som kjem fram i lyset etter årevis med spekulasjonar. Og tidskoloritten er til å fryda seg over – både syttitalet og nittitalet er gjengjeve til fingerspissane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.