Musikk
Bob Dylan er gjenskapt
I 60 år har songpoeten gjenskapt seg sjølv. Ei av dei mest spanande forvandlingane skjer no.
Interessa for Bob Dylan har auka att. Oslo Spektrum var fullsett sundag. Mange som har svore på at han ikkje var verd å høyra på lenger, hadde likevel innfunne seg. Dei fyrste instrumentalminutta tenkte dei nok at alt var ved det gamle: ei sliten røyst gøymd i skranglete bluesrock.
Taktinstinkt
Plutseleg retta folk seg opp i seta. Som ein fanfare lydde ei klår, høg og myndig røyst, med unik frijazzfrasering og eit taktinstinkt som Frank Sinatra.
Slik gjekk halvannan time. Ein 81-åring har gjenskapt seg sjølv. Korleis var det mogeleg?
Hans Never Ending Tour –?som byrja i 1988 og omfatta drygt 3000 konsertar – enda med pandemi og kansellerte 2020-konsertar. Nedstenginga nytta han til å ferdigstilla sitt fyrste studioalbum med eige materiale på meir enn ti år, Rough and Rowdy Ways (2021). Det er songar derfrå som dominerer konserten.
Albumet er eit av hans aller beste. For fyrste gong, etter 60 år med utgjevingar, toppa han Billboard.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.