🎧 Soger frå lukka rom
Hans Olav Lahlum svingar seg til litterære høgder i skildringa av maktkampen i Ap, men private detaljar i livet til Reiulf Steen blir tværa ut i langdrag.
Stortingsrepresentant og formann i Arbeidarpartiet Reiulf Steen på kontoret, med Einar Gerhardsen på målarstykket på veggen.
Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix
Stortingsrepresentant og formann i Arbeidarpartiet Reiulf Steen på kontoret, med Einar Gerhardsen på målarstykket på veggen.
Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Biografi
Hans Olav Lahlum:
Reiulf Steen.
Historien, triumfen og tragedien
Cappelen Damm
Reiulf Steen er den einaste leiaren i Arbeidarpartiet frå 1923 til 2014 som aldri vart statsminister (og heller ikkje statsministerkandidat). Korleis kunne dette ha seg? Spørsmålet vert sjølve hovudsaka i Hans Olav Lahlums biografi om mannen.
Etter å ha kome gjennom boka sit lesaren att med eit klart inntrykk av at spørsmålet skulle vore snudd om: Korleis kunne det ha seg at landets største parti kom i skade for å velje – og attvelje – ein så ueigna person, fyrst til nestleiar i ti år og deretter til formann i fem, men lukkelegvis unngjekk å gjere han til statsminister?
Det vanta ikkje åtvaringar. «Steen er verdsmeister i å lure seg unna ansvaret når noko kritikkverdig skjer. Han skuvar alltid ansvaret over på andre», sa Bjartmar Gjerde (som kjende han frå AUF) før nestformannsvalet i 1965. Lahlum supplerer karakteristikken med ei lang rekkje uheldige eigenskapar, bretta ut i stor detalj: Nerveproblem. Alkoholmisbruk. Notorisk upåliteleg. Illojal. Utru ektemann, uboteleg skjørtejeger og lite omsorgsfull far. «Manglande gjennomføringsevne» som statsråd. Full på talarstolen på landsmøtet i 1977. Og endå mykje meir.
Valet til nestformann i 1965 kom av at dei tilårskomne mennene i partileiinga skjøna at det trongst fornying, men ikkje ynskte nokon sterk utfordrar, slik Lahlum forklårar det. Steen vart handplukka av Einar Gerhardsen, Trygve Bratteli og Haakon Lie for å hindre at det skulle skje forandringar.
Forklåringa på både dette og det som seinare skjedde, fylgjer Lahlums modell for forståing av leiarskapen i Arbeidarpartiet: Det er dei få mennene (og endå færre kvinner) på toppen som tek avgjerdene. På partikontoret. I lukka rom. Heilt bokstaveleg. Bratteli vart dytta inn i eit bøttekott for å få seg fortalt at han måtte gå av.
Lukka rom
Det lukka rommet kan vere ei god ramme for ein kriminalroman. Det skapar fortetta spenning, som Steen-biografien òg gjev døme på. For eit seriøst historisk føremål kan det vere meir problematisk. Ein meister i sjangeren var Jens Arup Seip, briljant i psykologisk skarpsyn og språkkunst. Lahlum gjer ikkje Seip etter, korkje i det eine eller det andre. Framfor alt vantar den konteksten som Seip greidde å presse inn i det tronge rommet: Den historia som aktørane hadde med seg. Den verda dei var omgjevne av, og dei normene som styrte handlingane deira og gav dei handlingsrom.
Det vi saknar i boka om Reiulf Steen, er eit sikkert grep om partiet. Korleis fungerte Det Norske Arbeidarparti? Korleis var kulturen og normene som galdt der? Om Lahlum kan ha rett i at partiet med 150.000 medlemer vart styrt av nokre få på toppen, korleis kunne det ha seg? I etterordet skriv forfattaren at han har utelate mykje kontekst for å la omsynet til «yngre allmennlesere» gå framfor «unødvendige gjentakelser for ekspertlesere».
Det har ikkje vore noko heldig val. Det er Lahlum som er eksperten på Det Norske Arbeidarparti, og lesarane (særleg dei yngre) kunne hatt god bruk for innsikta til eksperten for å skjøne kva som gjekk føre seg.
Lahlum skriv her og der at Steen var viktig for å «fornye» og «opne» partiet, men kva dette eigentleg skal tyde, vert lesaren ikkje fortald. Det same gjeld ulike saksområde der Steen var aktiv, til dømes som leiar av «Steenkomiteen» i 1965. Det står nokre setningar om at dette var viktig for utviklinga av norsk skule (og for det norske samfunnet i det heile), men ikkje meir. Kva som kom ut av politikken, er ikkje forfattarens ærend.
Maktkamp
Det er maktkampen han er oppteken av. Det er her han likar seg, og det er her han kan svinge seg til litterær høgd. Boka er skriven på eit plettfritt riksmål, men det lettflytande språket kan andre stader gjere framstillinga flat og nærast pratete.
Boka er strengt kronologisk disponert og dekkjer heile livet frå vogge til grav. Den fyrste bolken, om oppveksten i ein industriarbeidarfamilie på Hurum og vegen frå fattigdomen til politikken, er interessant og velskriven og kunne godt ha vore lengre.
For andre delar av boka, særleg dei siste kapitla, gjeld det motsette. Private ting vert tværa ut i slikt langdrag at det berre må vere vondt for familien og trøyttande for andre lesarar. Det er ærleg talt ikkje alt som står i boka, eg ville ynskt å få vite om Reiulf Steen, og korkje forfattar eller lesar har nytte av det for å få klårleik i dette uvanlege livslaupet til ein politikar.
Omtale utan innhald
Den «mest talentfulle politikeren i etterkrigstidas Ap» skreiv Arne Strand om Reiulf Steen. Beundra som talar og høgt respektert som intellektuell – utan utdanning utover folkeskulen. Diverre vert desse sidene av mannen mest fråverande i boka. Det vil seie: Vi får attgjeve omtale, men ikkje innhald. Steen skreiv fleire bøker enn nokon annan partileiar, men vi får ikkje vite mykje om kva som stod i dei. Anna enn at Lahlum tykkjer noko er godt og anna dårleg, og at nokre av bøkene selde betre enn andre. Salstal er ikkje alltid veleigna som målestokk for intellektuell tyngd, kunne ein innvende.
Hadde forfattaren teke Reiulf Steen meir på alvor som intellektuell, kunne han kanskje ha lagt til storleik og vyrd som det elles ikkje vert mykje att av i denne boka, trass i forfattarens openberre sympati for mannen.
Sist i boka er Lahlum ikkje snauare enn at han samanliknar Reiulf Steen med Willy Brandt og Jens Otto Krag, som hadde «klare likhetstrekk» med Steen og heller ikkje var utan problem med alkohol og kjønnsliv. Kva var det dei hadde som Steen vanta? Som eit ekko av J.A. Seip kjem Lahlum fram til at det var «viljen» som mangla. Steen var naga av tvil som hindra han i å ta spranget heilt til topps. Etter å ha lese denne boka er eg ikkje heilt overtydd.
Ei sak er i alle høve klår: Hadde Steen synt meir tvil og mindre vilje før han tok til å bruke «edderkoppen», møbelhandlaren Arvid Engen på Jessheim, til å plante lekkasjar som lekk i illojal maktkamp i Arbeidarpartiet, kunne han ha sikra seg eit betre ettermæle.
John Peter Collett
John Peter Collett er professor i historie ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Det vi saknar i boka om Reiulf Steen, er eit sikkert grep om partiet.