Bok

Best når døden kjem nær

Halvvegs ut i boka får vi oppleve at Inge Eidsvåg er ein dyktig lesar.

Inge Eidsvåg tek for seg døden i
Inge Eidsvåg tek for seg døden i
Publisert

Døden strekkjer seg mot oss denne bokhausten, gjennom forfattarar som sjølv skal døy, som i tilfellet Per Fugelli, som skreiv seg ut av livet i boka Per dør. I Inge Eidsvågs langt mindre personlege bok om døden får vi eit essayistisk framlegg om å skrive seg inn mot den siste kvila. Dette gjer han på autopilot ei god stund, men halvvegs ut i boka vert boka god.

Døden som fenomen

Før den tid har han hala lesaren gjennom sider som minner om ei standard lærebok om døden: i religionane, i kunsten, i analysar av haldningar til døden opp gjennom historia, ei lang tekst som det kjennest som eg har lese før. Eidsvåg skriv godt nok, det er ikkje det: om thanatologi (eit tverrfagleg studium av døden og dei døyande), om gravskikkar, om at fornektinga av døden leier til skrekkfilmar, eller om psykologiske studiar av menneskedraumen om evig liv.

Interessant nok, men det er også det heile: Det rører meg ikkje. Eidsvåg låser fast døden som fenomen, og gjev oss ei kulturhistorisk oppsummering av korleis døden har prega menneska sidan tidenes morgon.

Men så vender Eidsvåg seg til menneske som sjølv fortel, menneske som sjølv har valt døden ved eutanasi eller diktarar som skriv om eigen eller andres død. Vi får lytte til andre røyster. Alvoret stig. Eidsvåg slepper sin eigen død nær seg, og vi slepp det distanserte overblikket. Eidsvåg kjem òg sjølv tydelegare fram, og han skriv tankevekkjande om kvifor han er motstandar av å legalisere eutanasi.

Sterk lesar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement