Teikneseriealbum
Det har tatt Ida Larmo eitt år å lage teikneseriealbumet Bow and Arrow. Her visualiserer ho kjensler, draumar og opplevingar frå eit anna år. Med dagbøkene sine som utgangspunkt tek ho lesarane med tilbake til 2003. Ho er 22 år og flyttar til London for å studere. Gjennom vel hundre sider i raust format utleverer Larmo seg sjølv og tankane sine på ein slik måte at mange vil kunne kjenne seg att. Humoren er enkel og livsutfordringane er ordinære, men den kunstnarlege framstillinga er overveldande.
I ei veksling mellom teikningar og akvarellar fortel Larmo om daglegliv og draumar. Kvardagen er alt anna enn glossy og strigla, slik vi lurer oss sjølve og andre til å tru i sosiale medium. Draumane, derimot, er nydelege scener i romanar frå den tida då Mr. Darcy streifa rundt i den britiske skodda. Dagboknotat og handskrivne brev supplerer replikkar og tankebobler. Kapitla er markerte med eigne, små kunstverk, som ein pjuskete sporv med ryggsekk på veg ut i verda.
Boka blir som eit brev i tid, frå den vaksne, trygge Ida til seg sjølv då ho var ung og usikker, og dermed til lesarane i målgruppa:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.