Bok
Den framtidige gigantbyen
Stadig fleire flyttar til ein by. I Megalopolis vil Peter Butenschøn presentere oss for ei urban framtid vi ikkje er førebudde på. Men boka har større relevans for utanlandske byar enn for norske.
Bilete frå det velståande bustadområdet Ikoyi i Lagos i Nigeria.
Foto: Reginald Bassey
Byar veks. Dei veks i alle land i verda. For 100 år sidan budde berre 10 prosent av innbyggjarane i verda i byar. I dag bur om lag to tredjedelar i byar. Talet på innbyggjarar i byar vil stige til minst 70 prosent innan 2050 dersom utviklinga i folketeljingane i dag held seg i same sporet. Det er spådomen til ekspertane i FN. Dette står å lesa i Megalopolis, som er skriven av nestoren i norsk arkitektur og byplanlegging, Peter Butenschøn.
Butenschøn var initiativtakar til Norsk Form, der han òg var direktør. Dei som kjenner forfattarskapen hans, veit at han har skrive fleire bøker om emnet, som Byen. En bruksanvisning (2009).
Kalkylane til FN peikar på ein røyndom som nesten er fråverande i norsk media og politikk, som tvert imot har det motsette som dagsorden: distriktspolitikk. Difor har Butenschøn skrive Megalopolis. Han vil vekkje samtale om byutviklinga i «den norske offentligheten», som han skriv i innleiinga.
«Vannet kommer!»
Med solide fagkunnskapar, og med tilvisingar til film og litteratur, fører Butenschøn oss gjennom soga til byane, både i historisk tid, attende til italienske renessansebyar, og til byar i samtida, som veks med uhorveleg snøggleik.
Undertitlane vitnar om den tematiske inndelinga i boka, med kapittel som «Den produktive byen», «Hovedstaden» og «Vannet kommer!». Slik presenterer forfattaren alle mogelege dilemma og utfordringar knytte til den kolossale byvoksteren i dag, som det sistnemnde temaet vitnar om: Korleis kan vi førebu byar og byinnbyggjarar på det stigande havet?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.