Bok
Den vedunderlege andreboka
Lars Saabye Christensens personar frå etterkrigstidas Oslo vest rører oss sterkt.
Lars Saabye Christensen er aktuell med bok nummer to i trilogien frå Fagerborg i Oslo.
Foto: Magnus Stui
I Lars Saabye Christensens Byens spor – Maj, oppfølgaren til fjorårets førstebok i ein varsla trilogi, speler Jesper framleis piano, men ved eit høve blir han plassert i eit handballmål. Han skadar handa og kan i lang tid etterpå berre spele pausesignal frå ulike land med venstrehanda. Då han kjem til legevakta etter hendinga, og har gått frå avdeling til avdeling, heiter det: «Der er det ogsa° ventetid. Ingenting i verden er øyeblikkelig lenger. Rasmussen klager: Det var bedre under krigen. Da var det ingenting a° fa°, men man fikk det i det minste øyeblikkelig.»
No er vi på midten av femtitalet, og personane har det betre økonomisk, men andre ting kan ha blitt mindre verdsette.
Munter og melankolsk
Vi møter igjen hovudpersonane frå den første boka, og dei har alle sitt å stri med. Mor til Jesper, Maj, som er enke, slit med å finne ut av korleis ho skal leve og vere: «Hun har fa°tt en brist i sinnet, en ra°te i hjertet, som sprer seg.» Jesper er blitt femten år, ein tanke rappkjefta, og går og grublar på korleis alt heng saman og korleis framtida skal bli. Kameraten Jostein, som pådrog seg hovudskadar etter å ha blitt påkøyrd av ein buss i førre bok, blir stadig rarare. Fru Vik har gifta seg og flytta, men kva er det med mannen hennar, er alt som det skal vere? No blir ho forresten stadig omtalt som «Fru Margrethe Hall, tidligere Vik», som om det var eit eigennamn. Det er eit muntert-melankolsk portrett av eit fordoms Fagerborg på Oslo vest, skriven med stor omsorg for personane forfattaren har plassert der.
Fagerborg Avdeling av Oslo Krets av Norges Røde Kors spelte ei viktig rolle i førre bok, dei hjelper også i oppfølgaren trengande personar. Men det er interessant å sjå kor hårfin linja er mellom nestekjærleik og moralsk fordømming. Kor audmjuk og skamfull over korleis ein «har stilt seg» må ein vere før ein kan få hjelp? Handlingsrommet for kvinner på femtitalet var elles på storleik med eit kott, viser Saabye Christensen gjennom Majs evige kvalar. Same kva ho gjer, blir det liksom ikkje rett for omverda.
Illusjonsbrot
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.