Bok
Den vesle verda på Tøyen
Ingvild H. Rishøis roman er gripande, velkomponert og uråd å finne veikskapar ved.
Ingvild H. Rishøis roman knyter seg til juleforteljinga på mange nivå, men blir aldri parodisk.
Foto: Ekko von Schwichow
Ei juleforteljng, eller eit julekvad, kan vere så mangt. Ofte er sjangeren i overkant lystig (som i julesongen «Å, jul med din glede», der vi klappar i hendene og syng og ler og svingar oss i kretsen og neiar og bukkar og det vil ingen ende ta). Sjangeren kan vere skillingsvisesentimental eller beinhard naturalisme, som i H.C. Andersens «Piken med svovelstikkene» eller Amalie Skrams «Karens jul». Han kan vere parodisk over det sentimentale, som i Rolf Just Nilsen og Otto Nielsen / Astow Ericsons «Det var julekveld i skogen».
Ingvild H. Rishøis Stargate. En julefortelling knyter seg til juleforteljinga på mange nivå, men blir aldri parodisk.
Skarpsinn og havrefras
Det er oppunder juletider. Ronja er ti år og bur på Tøyen saman med faren og storesøstera Melissa. Endeleg får faren ny jobb – som døtrene håpar han greier å halde på – som juletreseljar. Men når puben Stargate lokkar, må døtrene nok ein gong trå til for å halde (h)jula i gang.
Det er ikkje det at faren ikkje er glad i barna sine, eller ikkje prøver, eller at han er slem. Han kallar Ronja «Du min Røverdatter og min skattekiste og mitt oljefond». Han seier: «unger skal ikke bo et sted der man ikke kan se stjernehimmelen», og orsakar at han har plassert dei på Oslos austkant, men sanninga er jo at Tøyen ville hatt nok av stjernehimmel for dei to om ikkje nettopp faren hadde røva han frå dei ved livsførselen sin. Så dei må greie seg sjølv, i ein kvardag der dei må vere både ansvarsfulle og oppfinnsame og leve på havrefras.
Ramma rundt forteljinga, med skildringa av snø, kulde, lykter, juletre, luciafeiring og julesongar, skapar ein effekt rundt den fortvila grunnsituasjonen til jentene som får ein «speledåse i skrekkfilm»-effekt. Kontrasten blir urovekkande stor; alt blir verre av at det er jul. Samstundes er det ikkje jentene som roper ut i fortviling, då hadde det vore ei skillingsvise. Dei to er dei relativt ressurssterke oppi dette. Det er forfattaren som skriv fram sitt landskap slik at vi ser heile bildet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.