Bok
Dyster forteljing om mannen
En sånn jente er ei forferdeleg skremmande bok. Men eg saknar eit breiare perspektiv.
Monica Flatabø har møtt eit knippe valdtekne kvinner, særleg to av dei tek mykje plass i denne boka: Marthe Stavrum var sambuar med serievaldtektsmannen Julio Kopseng. Andrea Voll Voldum vart valdteken av tre menn i ei campingvogn i Hemsedal etter at dei dopa henne ned. Alle tre vart fritekne. Tilbake sit ei ung kvinne som vart svikta to gongar. Fyrst av dei tre mennene som utnytta henne, så av det norske rettsvesenet.
Størsteparten av boka rekonstruerer Marthe Stavrum livet sitt som Kopsengs sambuar. Det er ei vond forteljing om vald, tortur og seksuelle overgrep.
Grenselaus kultur
Flatabø har òg gått tett på eit ungdomsmiljø på Austlandet der fleire av jentene har vore utsette for valdtekt. Overgriparane er gutar dei har kjent heile livet. Flatabø får godt fram korleis mange av jentene bagatelliserer overgrepa. Dei trur valdtekt er eit valdeleg overfall med tiltvinga samleie og veit ikkje at valdtekta famnar langt meir. Flatabø får skildra godt kva grenselaus kultur og praksis som finst, nett no, i ein seksualisert norsk ungdomskultur som ser ut til å ha gått heilt av skaftet. Innimellom reflekterer forfattaren saman med juristar eller forskarar om norsk rettsvern, seinskadar og traume hos den valdtekne.
Sjølv om historiene til dei to kvinnene er sterke å lese, meiner eg at Flatabø lovar for mykje når ho kallar boka ein dokumentar om valdtekt. Detaljerte skildringar frå Stavrums samliv med Kopseng tek for mykje plass. Flatabø burde ha heva blikket. Eg seier slett ikkje at det ikkje er viktig for Stavrum å fortelje om livet saman med ein psykopat så grufull at eg mest ikkje har høyrt verre. Eg seier heller ikkje at eg ikkje er takksam for at Stavrum eller Voldum har opna opp: Som lesar sit ein att og ynskjer dei begge alt godt i livet. Men eg seier at ein dokumentar om valdtekt òg burde ha løfta opp mannen som valdtek. For kor mykje fortel Kopseng oss eigentleg om gutane som ikkje tek eit nei for eit nei og skadar unge jenter på fest, ofte for resten av livet?
Manneperspektiv
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.