Energisk likesæle
Terje Holtet Larsen skriv om heimløyse slik at det når heim.
Terje Holtet Larsen skriv om å skrive.
Foto: Baard Henriksen / NTB scanpix
Essay
Terje Holtet Larsen:
Hjemløsheten
Forlaget Oktober
Hjemløsheten er eit langt essay i den nye serien til Forlaget Oktober: Lese, skrive. Her kjem Terje Holtet Larsen inn på nokre gamle tematiske kjenningar frå forfattarskapen sin, der heimløyse er blant dei sentrale. Kjensla av å vere heimlaus, å ikkje høyre til noko eller nokon, har følgd han gjennom heile det skrivande livet, saman med fenomen som einsemd, likesæle og ønske om å forsvinne. Peer Gynt-versjonen (2003) og Fra et mislykket forsvinningsnummer (forteljingar, 2004) er gode eksempel på utgjevingar der Holtet Larsen turnerer desse tematiske kjenningane på ulikt vis.
Samanhengen i tinga
I utgjevinga av i år ser han kjenningane i samband med si eiga skriving og med korleis han i det heile blei forfattar. Som ung mann kunne han vere overraska over at han heile tida frivillig oppsøkte einsemda, men så skriv han: «Da jeg endelig oppdaget litteraturen, fikk dette behovet for ensomhet en mening.» Einsemda er jo skreddarsydd til ei interesse for litteratur. Han understrekar òg kor viktig lesing er for både interessa for og evna til å skrive. All skriving startar i lesing, seier han, og skriv om «hvordan jeg var kommet til å tenke på meg selv som et menneske skapt av litteratur, skapt av bøkene jeg hadde lest og skrevet».
Det pussige ved Larsens litteratur er at når han skriv om denne nomne, fråverande, ankerlause rastløysa, den påståtte likesæla, er det energi, relevans, inspirasjon og nærvær lesaren – i alle fall eg – kjenner. Sjølvsagt er det dette som kan kallast litteratur; den lataste figuren kan skildrast med overskot (som for eksempel gardsguten Guffen i Andeby), og det handlar i Larsens tilfelle om å komme så til botn i undersøkinga av eksempelvis likesæla at ho byrjar dirre av mangel på likesæle.
Litt ny for kvar bok
Eg lar meg inspirere av Hjemløsheten òg, men det kan nok vere ein fordel å kjenne til noko av forfattarskapen til Larsen frå før. I alle fall kan ein då kjenne seg meir heime i denne undersøkingsferda på innsida av den skrivande og lesande Terje Holtet Larsen. Han rettar òg blikket utover og skriv om forholdet han har til forfattarar som Borges, Vonnegut, Calvino, Bernhard og Modiano, og om korleis han vender tilbake til favorittforfattarane fleire gongar, fordi det alltid er eit nytt lag å finne.
Han minner om at lesing eigentleg er ei tovegsøving. Vi les romanar, men romanane les også oss, som han seier: Ulike bøker vekker ulike minne og erkjenningar i oss. Noko bør dei uansett vekke, om det er slik Holtet Larsen seier: «Et kunstverk er en henvendelse fra et menneske til et annet». Det læt kanskje som ei gamaldags innstilling, men eg trur vi må godta sanninga i henne. For kva skulle eit kunstverk elles vere, i sitt inste vesen?
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det kan nok vere ein fordel å kjenne til noko av forfattarskapen til Larsen frå før.
Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.