Bok
For mykje for pengane
Henrik H. Langelands siste roman kunne sagt litt meir og prata litt mindre.
Henrik H. Langeland har fullført trilogien om Christian von der Hall.
Foto: Ivar Kvaal
Det har ikkje vore stille rundt Henrik H. Langelands Showtime! – den avsluttande boka i trilogien om Christian von der Hall. Blant anna hamna Cappelen Damms Knut Gørvell og Dagbladets kritikar Cathrine Krøger i ein heftig debatt etter Krøgers terningkast 2. Andre bokmeldarar har delt seg mellom jubel og naserynking. Sjølv har eg knapt krefter igjen til å skrive denne meldinga etter å ha lese den utmattande romanen.
Mangel på dynamikk
Vår mann Christian frå Wonderboy (2003) og Fyrsten (2013) er no blitt 57 år, han eig eventselskapet Showtime! og deltar i eit gründerprogram på TV. Han er gift med direktøren på Nationaltheatret og har eit sidesprang med unge, blonde Madelen på jobben. Som i finansverda elles har han inga interesse av å feste seg ved småsummar, inn- eller utgåande, på ei anna side er heile livsverket truga. Det er store krefter i sving der ute i pengeverda, og ingen av dei er velmeinande. Christians disposisjonar har heller ikkje alltid vore reinhårige og vender seg no mot han.
Som tidlegare i trilogien er det nok av samfunnssatire å spore også i årets roman. Dei som er i dette miljøet, kan vel vere greie nok slik dei blir skildra, men dei er aldri pålitelege, alle tenkjer på seg sjølve, alle vil oppnå noko med ein relasjon. Artistar og andre kjendisar er mest verktøy i hendene på finansfolka – noko å smykke seg med på eventar. Romanen er eit djupdykk i overflate, om ein kan seie det slik.
Det er nokre underhaldande strekk i romanen, kledd i eit til tider rikt og livleg språk. Det er berre det at etter 200 sider er eg utsliten. Då er det 289 sider igjen. Det hjelper ikkje at språket innimellom er til glede når ein druknar i dei same inspirerte, satiriske formuleringane heile vegen, utan dynamikk i forteljestrukturen. Her er vi nemleg inne i Christians hovud, utan pause, han oppsummerer noko som har skjedd, gruer seg til noko som skal skje, eller lurer på om han skal ta den telefonen, eller kanskje vente litt. I mengdene dette førekjem i, kjennest det trivielt og overveldande, og eg lurer på kvifor ikkje lesaren kan få ein pause mens Christian tenkjer på sitt. Vi kan komme tilbake når han har nådd ein konklusjon.
Andre gonger er det berre omstendeleg, utan språklege kvalitetar: «Dette hadde på ingen måte gått etter planen. I den grad det hadde vært noen plan. Men nå var det ingen vei tilbake. Snarare tvert om, nå gjaldt det å stå løpet ut.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.