Bok
Gamle og nye steintavler
Petter Fiskum Myhr har meisla ut eit sett levereglar basert på Bob Dylans musikk.
Vi har gløymt å omfamne det usikre, det uføreseielege, skriv Petter Fiskum Myhr i Bob Dylans ti bud. Og eg nikkar og er samd, noko eg gjer fleire gonger i møtet med den sympatiske forfattarrøysta. Sedate vanedyr som eg sjølv skal kvele risikofrykta ved å «akseptere kaos» – det femte av det forfattaren altså kallar Bob Dylans ti bod.
Men kven er dette «vi» som Myhr innlemmer meg i? Fleirtalet i velstandssamfunnet Noreg? Kanskje. Likevel er det mange nok som lever med uro, som har fått livet sitt overmanna av uro, og som dermed fell utanfor Myhrs «vi», dei som kan unne seg ikkje berre å akseptere kaos, men å «gå rett inn i det», slik forfattaren seier Dylan har gjort.
Levereglar
Eg les gjerne meir lyttande og fortolkande essaystikk som rettar blikket primært mot det Dylan har laga, snarare enn endå fleire biografiar. Dermed ønskjer eg i utgangspunktet ei bok som Myhrs velkommen, ein type tekst som reflekterer rundt, og med, songane til Dylan.
Det gjer Myhr, og han deler raust av eiga livserfaring og ting han har lese, i ein ikkje alltid openberr konstellasjon av røyster (Donald Rumsfeld, Slavoj Zizek, Mark Rothko og Nick Cave, for å nemne nokre). Det vert ganske assosiativt, med mange koplingar på kryss og tvers.
Det er likevel ikkje det som er hovudgrunnen til at eg stussar over Bob Dylans ti bud. Når du gjer bruk av ein slik boktittel, er du ganske medviten den uunngåelege assosiasjonen til levereglane Moses fekk på steintavlene på Sinaifjellet. Eg har lytta til Dylan sidan eg var femten, og orda og musikken har vore viktig for meg, eg har funne glede, energi og trøyst i det han har laga, men eg har aldri vurdert å formulere levereglar av det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.