Bok

Hin rådsnare helt

En sommer med Homer er inspirerande formidling av ikonisk litteratur.

Sylvain Tesson har omarbeidd eit radio- kåseri om Homer til bok.
Sylvain Tesson har omarbeidd eit radio- kåseri om Homer til bok.
Publisert

Opphavet til diktekunsten er formidlinga av slikt som ikkje ligg tydeleg føre, til dømes utsegner om einkvan som ikkje er til stades. Såleis er litteraturen i skyldskap med sladderen, noko som er minst like tydeleg i dag som for over to tusen år sidan, då Homer skreiv Iliaden og Odysseen.

Dette poenget tangerer den franske forfattaren Sylvain Tesson med eit og anna verbalt streifskot i den fine boka En sommer med Homer, som i Noreg er nok eit tilskot til ein god serie frå Solum Bokvennen, men som vart til i Frankrike etter at ein radiokåseriserie om Montaigne vart ein suksess for nokre år sidan.

Kåseriserie

Også boka om Homer var først ein kåseriserie i radioen, men Tesson har tilpassa teksten til skriftleg format, slik at verket no er eit grundig essay om Odyssevs, «hin rådsnare helt», og andre sentrale aktørar i det litterære urmedvitet, og forfattaren demonstrerer at han kan meir enn å skyta streifskot, han har investert tungt i innsikt og gjort seg fortent til ein tiara av godord ved å syna at ein råkar innertiaren ved å overvinna inerti. Sagt annleis: Ein vinn mykje ved å halda seg borte frå minste motstands veg (underhaldning) og lesa eitkvart som stiller større krav til merksemd og ettertanke.

Når eg no fleire gonger har nytta ordet ikonisk som epitet, har eg gjort Homer ei bjørneteneste som Tesson ikkje gjer. For om verka verkeleg verka og var ikoniske, var dei samla under det lite nytta omgrepet ipseitet, som tyder at eitkvart er noko i seg sjølv, og såleis er ferdig tolka av ortodoks tradisjon. Men Tesson syner oss at Odysseen og Iliaden er levande litteratur, spennande skildringar av mennesket i kamp mot maktene og gudane i kamp med seg sjølve. Alt er døme på dei menneskelege vilkåra, difor er det som om kjernen i tekstane var skriven i går. Det provar påstanden til Ezra Pound, om at litteratur er «news that stays news», og det stettar framlegget til Georg Johannesen, då han meinte at dikta til Tu Fu burde prentast på nytt kvar dag, medan det burde gå 1200 år mellom kvar gong VG kom ut.

Aktuelt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement