Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

3528
20241206
3528
20241206

Roman

Bjørn Olaf
Johannessen:

Marianne fra topp til tå

Tiden Norsk Forlag

Det var Harald Heide-Steen jr. som i si tid laga ein absurd vri på songen Noen barn er brune av Jo Tenfjord, og den paradoksale utsegna er på ein måte sannare enn den logiske originalen. Dessutan er me slett ikkje like inni. Noko av dette tangerer Bjørn Olaf Johannessen i den nye romanen sin, Marianne fra topp til tå.

Hovudpersonen er ein mann midt i livet, han har god jobb og framleis hår på hovudet, han lever åleine og lir inga naud med det, men ein dag får han vita av ein kjenning at ei kvinne, Marianne, som helsar kort på dei og nokre andre i ein park, medan ho held på ein blå og gamal radio, er såkalla spegelvend, det vil seie at alle indre organ er plasserte stikk motsett av det som er vanleg. Her kunne nokon fort ha laga eit poeng av at ho ikkje har hjartet på rette staden, men mannen i boka tenkjer ikkje slik, derimot vert han straks enormt oppteken av denne kvinna.

Ved litt sniking kjem han i kontakt med ho, det er den gamle radioen som på eit vis fører dei saman, for den er i ustand, og han hevdar at han er ein kyndig reparatør. Etter nokre krumspring vert radioen i orden att, men tek berre inn signal frå to stasjonar i FM-bandet. Det er likevel nok.

Spegelvend

Det er det spegelvende ved Marianne som gjer ho interessant for denne mannen, og han nyttar mykje av romanen på å finna ut mest mogleg om ho. Likevel sit lesaren att utan å vita noko særleg verdfullt om Marianne, men ein lærer seg iallfall den medisinske termen situs inversus totalis, ein tilstand som ikkje gjer livet ringare eller kortar det ned.

Hovudpersonen kjem med mange interessante opplysningar om saka, mellom anna at ei gamal kvinne, Rose, var den første som vart oppdaga med tilstanden, noko som diverre skjedde då ho vart obdusert, så ho fekk aldri vita at ho hadde slik ein eksklusiv løyndom i seg.

Marianne vert me altså ikkje så godt kjend med i boka, men undervegs har lesaren fått vita litt av kvart om mannen som prøver å finna ut mest mogleg om ho. Han er ein litt snodig fyr, som har eit heller dårleg tilhøve til far sin, ein konkurranselysten narsissist som framleis har hår på hovudet, vidare vil han ikkje ha noko med gladjenter, i det heile glade folk, å gjera, og han treng ikkje mange opplysningar om menneske før han diktar morosamt om livet deira.

FM og Meltzer

Når han finn ut at legen som oppdaga tilstanden til Marianne, heiter Meltzer, lagar han seg straks historier om korleis familien Meltzer framleis er byrge over å nedstamma frå Fredrik Meltzer, som teikna det norske flagget (om ikkje nokon av dei 13 borna hans gjorde det, då). Her kunne nok ein gap ha gjort eit poeng av førebokstavane til Fredrik Meltzer og linka dei til radioen, men det gjer ikkje forfattaren. Heller ikkje nemner han at Fredrik Meltzer kom til verda på dagen 180 år før Jon Fosse, ein eksklusiv løyndom han diverre døydde uvitande om. At sonesonen Lauritz Meltzer, som sette fleire spor etter seg enn Fredrik, er fødd på dagen hundre år før meg, er heilt irrelevant i denne samanhengen.

Bjørn Olaf Johannessen har skrive ein underhaldande roman om noko som verkar viktig utan å vera det, og det høver med tidsånda når mannen i boka leitar etter det utvendige i det indre. Portrettet av faren, infamt og kosteleg utan å vera injurierande, er for meg rosina i denne pølsa.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis