Bok
Inspirert av Evklid
Kongstanken til Kopernik om å reformere astronomien greip han alt som tenåring i Krakow.
Copernicus i observatoriet sitt, måla av Jan Matejko.
«For hva er vel skjønnere enn himmelen, som inneholder alt som er skjønt», spurde Nicolaus Copernicus i forordet til De Revolutionibus orbium coelestium (om himmelsirklenes omdreininger).
Det var her han presenterte det epokegjerande heliosentriske verdsbiletet som ein gong for alle knuste den geosentriske modellen der jorda var midtpunktet i universet. Kopernik, som er den polske varianten av namnet, kom med det endelege provet for at det er sola som står i sentrum, og at jorda og dei andre planetane roterer rundt henne.
Den heliosentriske modellen er rekna til ein av dei grunnleggjande vitskapelege hypotesane i historia. Modellen vart presentert i 1543 og la grunnlaget for moderne astronomi. Året 1543 vert gjerne kalla «den kopernikanske vendinga».
Suksess i Noreg
For første gong har vi fått ein omfattande biografi om mannen som gav oss dette verdsbiletet: Copernicus. Skaperen av en ny himmel. Forfattar er Jeremi Wasiutynski, som i 1938 kom til Noreg frå Polen for å ta doktorgraden i astrofysikk. Wasiutynski vart norsk statsstipendiat og har sett djupe spor etter seg her i landet. Boka vart i si tid kåra til årets beste bok i eit leiande litterært tidsskrift i Polen. Krigsutbrotet i 1939 sette ein brå stoppar for planane om tyske og engelske utgåver. No er boka på 676 sider ikledd fin norsk språkdrakt av Gunnar Arneson.
Wasiutynski spør, med god grunn, kven Nicolaus Copernicus var. For kunnskapen om mannen og verket hans byrjar og sluttar stort sett med opplysinga om at det var han som skapte det heliosentriske verdsbiletet, der sola fekk jordas plass som midtpunkt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.