Bok
Kartell og bordell
Roberto Arlt skreiv forbløffande moderne og aktuelt om det ulukkelege individet.
Roberto Arlt (1900–1942) voks opp i Buenos Aires i Argentina som barn av europeiske innvandrarar.
Foto: Ukjent
Skald held fram med klassikarserien sin og kjem denne gongen med ein roman av ein forfattar eg ikkje visste om, argentinaren Roberto Arlt (1900–1942), og det syner seg å vera eit interessant tilskot til litteraturen.
Boka kom ut i Argentina i 1929, og teksten skildrar samtida med slikt som fanst av ny teknologi den gongen, som fenomen, omgrep og apparat ein då var fortruleg med.
Pengeinnkrevjar
Hovudpersonen, Augusto Remo Gerosain, har hatt ein lite innbringande posisjon som pengeinnkrevjar for Sukkerkompaniet, der han har gjort eit underslag som raskt vert oppdaga. Han har ein dag på seg til å gjera opp for dette, og driv rundt i gatene medan han tenkjer på korleis han skal skaffa pengar.
Samstundes sviv tankane hans vide ikring, han er ein dagdrøymar som minner om hovudpersonen i novella Walter Mittys hemmelige liv av James Thurber, som vart skriven ti år seinare og filmatisert to gonger. Men Arlts roman kan like gjerne verta til film, om ein klarer å skildra det indre livet like godt som forfattaren, for både dagdraumar og nattedraumar er viktige her, og båe truverdige, dei første er storarta og utan konsekvensutgreiing, medan dei andre er plausibelt irrasjonelle, om enn litt vel poengterte.
Erdosain kjem i kontakt med mange han kjenner frå før, og fleire av dei høyrer lausleg til ei gruppe som fabulerer om ein revolusjon som lesaren i byrjinga ikkje ser som anna enn avvikling av det gamle utan klåre tankar om det nye, men dette vert det endra på, då leiaren av denne gruppa, Astrologen, røper kva planane hans er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.