Bok

Moro med gåter

Det enkle kan vere det beste for mange lesarar. Lettlesne bøker i seriar med tydeleg merking for sjanger og lesenivå får stadig meir plass og større legitimitet, både i formidlinga og i forlagsarbeidet. Den ferske serien Lesebra stadfestar denne tendensen.

Sidan 2016 har Gyldendal gjeve ut 18 titlar i kategoriane humor, fakta, vennskap og grøss. Serien har ei eiga heimeside med leseråd til foreldre og lærarar: Les litt kvar dag, snakk saman om bøker og vel bøker som freistar og fengjer frå første stund. Gåteboka er ei slik bok.

Jørn Roeim har lang fartstid med vitsar og gåter, mange vil hugse Barnas store vitsebok og Barnas store gåtebok som på slutten av 90-åra gjorde stor suksess. Til samanlikning er Gåteboka ei lita samling, men utvalet syner kor samansett og spanande sjangeren kan vere.

Gåta er ei eldgamal form som omfattar filosofiske spørsmål og evige mysterium: Kva kan du berre sjå når du søv? Klassikarar til hovudbry for nye lesarar får vere med: Kva er tyngst av eit kilo ull og eit kilo bly? Snart lagar neste generasjon sin eigen vri: Kvifor kan ikkje katten spele data?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement