På flukt, før og no
Faktabok
Torunn Berge
Paulas reise
Gyldendal
Seinhausten 1944 blei nærare 75 tusen menneske i Finnmark og Nord-Troms tvangsevakuerte. Alle hus vart brende, og alle husdyr vart drepne.
Ei av dei som opplevde dette, var 14 år gamle Paula frå Ingøy i Vest-Finnmark.
I forordet klargjer forfattaren at Paula var svigermor hennar, og at ho har lova henne å fortelje historia vidare. Å bidra til forståing og omsorg for born på flukt i dag har også vore ei drivkraft i arbeidet.
Boka har ein todelt struktur; Ein biografisk del der Paulas historie vert fortalt som ein sjølvbiografi i fyrsteperson, og ein faktadel der noko av det som vert nemnt i biografien vert utdjupa og forklart. Her er foto både frå krigsåra og evakueringa, men også frå livet på Ingøy, slik det var då Paula vaks opp.
Forteljarstemma famlar i leitinga etter fjortenåringen si stemme. Når strukturen i tillegg legg opp til jamlege brot i historia for å forklare ulike fakta, vert det vanskeleg å halde fast i innlevinga i den biografiske delen av boka.
Desse brota betyr likevel at ulike lesemåtar vert moglege. Boka har eit dokumentarisk preg og fungerer godt som ei viktig påminning om det som hende. Eit stort kjeldetilfang er omarbeidd og gjort tilgjengeleg for målgruppa, ikkje minst gjennom eit tiltalande og godt design.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde
og litteraturvitar.