Bok

Stor fart og høg spenning

Jógvan Isaksen har skrive kontrafaktisk krim frå Færøyane.

Krimromanen til Jógvan Isaksen var omsett til seks europeiske språk før han kom på norsk i år.
Krimromanen til Jógvan Isaksen var omsett til seks europeiske språk før han kom på norsk i år.
Publisert

Norge fekk den første kriminalromanen i 1840, da Mauritz Hansen gav ut Mordet paa Maskinbygger Roolfsen, ja, somme meiner faktisk at det kan ha vore verdas første detektivforteljing. 150 år seinare, i 1990, kom kriminalromanen til Færøyane med Jógvan Isaksens Bli? er summarnátt á Føroyalandi, første bok i ein serie der den uvørdne og festglade journalisten Hannis Martinsson løyser intrikate krimgåter. No er boka omsett til norsk av Lars Moa.

Røvarroman

Handlinga utspeler seg i Tórshavn og på Færøyane nokre sommarveker på tampen av 1980-åra. Hannis Martinsson har reist heim frå København for å høyre nærare om dødsfallet til ei nær venninne. Det viser seg fort at her ligg det noko under, og dramatikken rundt ein skonnert frå Paraguay blir motoren i handlinga som drar seg i retning av ein skikkeleg røvarroman basert på spektakulære konspirasjonsteoriar og kontrafaktisk historieskriving med trådar bakover til 2. verdskrigen som sentrum i spenninga.

Valdskriminalitet er eit nærast ukjent fenomen på Færøyane, men Isaksen flyttar eit urbant fenomen vestover i Atlanteren og lar det skje tre brutale drap og fleire drapsforsøk på kort tid, før det heile blir avrunda med at skonnerten frå Paraguay går ned med mann og mus. Ein kan alltids lese Blid er sommarnatta som ein parodi på hardkokt krim, men viktigare er det at romanen er velskriven og spennande med høgt tempo, glimt i auget og mange stikk til færøyske styresmakter, som synest å vere på etterskot med det meste, ikkje minst innanfor fiskeripolitikk og ein påfallande inkompetanse i politiet.

Hint og avsporingar

Jógvan Isaksen (f. 1950) er universitetslektor i færøysk litteratur ved universitetet i København. Han har eit omfattande forfattarskap å vise til, både innanfor sakprosa og skjønnlitteratur, og ei bok eg sjølv har hatt stor gleda av, er Færøsk litteratur (1993). Sitat frå færøyske forfattarar er spreidde utover i Blid er sommarnatta og krydrar framstillinga med hint og avsporingar, og sjølve romantittelen er ei strofe frå nasjonalskalden Janus Djurhuus (1881–1948).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement