Bok

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Publisert

Dei siste ti åra har Belarus mottatt to nobelprisar: litteraturprisen i 2015 til Svetlana Aleksijevitsj og fredsprisen i 2022 til Ales Bjaljatski. Bjaljatski har sete fengsla sidan 2021, skulda for skattesvik. Aleksijevitsj lever i eksil i Berlin.

Journalisten og forfattaren Svjatlana Kurs (f. 1972) lever også i eksil, og nyleg kom romanen Hva leter du etter, ulv?, skriven under psevdonymet Eva Vezjnavets, i norsk omsetjing ved Marina Hobbel, fødd i Minsk og busett i Oslo sidan 2003.

Det er ein kort roman som opnar Existenz Forlags serie «Samtidslitteratur fra Belarus», og dersom det kjem fleire romanar av same kaliber, er det mykje å gle seg til, for bøker frå Belarus fyller ikkje akkurat hyllene her til lands. Ved sida av Aleksijevitsj kjenner eg berre til Vasil Bykavs roman Sotnikaw, skriven i 1970 og utgjeven i norsk omsetjing 2008 på Solum Bokvennen.

Å vere på vakt

Bykavs overordna tema er andre verdskrigen, belarusiske partisanar og kampen mot tyske og belarusiske nazistar. Vezjnavets har også dette på blokka, men ho femnar vidare og dekker dei siste hundre åra av belarusisk historie, fortald gjennom hovudpersonen Ryna og bestemora Darfeja på 102 år.

Det startar med at den alkoholiserte Ryna får sparken frå ein pleieheim i Darmstadt i Tyskland, der ho har jobba i ti år. Da ho får vite at bestemora er død, reiser ho heim til den fiktive landsbyen Nauhalnaje søraust i Belarus. Her voks ho opp hos bestemor si i eit hus som var delt mellom foreldra og bestemora. Huset heiter Aredeber, frå latin are debere, som tyder «ver på vakt», og det er nettopp det heile romanen handlar om: å vere på vakt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement