Bok
Tru, von og kjærleik
Levi Henriksen skriv om folk som tidt kjem til kort.
Levi Henriksen slo gjennom med eit brak med ein roman i 2004. No har han gitt ut tre noveller.Levi Henriksen slo gjennom med eit brak med ein roman i 2004. No har han gitt ut tre noveller.
Foto: Thomas Brun /NTBFoto: Thomas Brun /NTB
Noveller
I den første av dei tre novellene i Som vi forlater våre skyldnere er hovudpersonen ein gut i tolvårsalderen, i den andre ein mann i andre halvdel av tjueåra, og i den tredje ein middelaldrande mann. Såleis kan ein sjå reisverket til ei utvikling, men sjølv om den første ser som eit barn, og tenkjer som eit barn, er det ikkje slik at den siste, endå om han er forstandar, har nådd til full forstand og ser alt heilt og ikkje stykkevis. I grunnen er han ikkje i nærleiken av å vera vaksen.
«Apache», heiter den første novella, og hovudpersonen er Markus, som har ei mor som er sterkt religiøs og ein far som han kan hende trur er helikopterpilot i Vietnam. Markus er oppteken av indianarar, særleg dei mest kjende av apachestamma. Og no er det 1970-talet, og somme har fått seg apachesykkel, men ikkje Markus.
Inga risikovurdering
Han er dessutan forelska i Pauline, men ho vert oppvarta av Aksel, ein rikmannsson og apachesyklist i klassen. Slikt lyt det gjerast noko med, og Markus finn på ein lur plan som ikkje har ein gjennomtenkt slutt, og såleis vert guten plausibel for lesaren, også for ein som aldri hadde våga å setja planen i verk sjølv. Konsekvensanalyse og risikovurdering er fråverande, og det gjer i grunnen teksten triveleg å lesa.
Novelle nummer to, «Kanoner under roser», er på bortimot 120 sider, og dette i kombinasjon med eit variert plott som strekkjer seg ut i tid og femner om mange episodar, gjer at teksten er meir roman enn novelle. Her er hovudpersonen den unge, men alt røynde journalisten Enok og den to år eldre bror hans, Seth. Bibelske nemn lyt det vera, må vita, og somme lesarar sit vel berre og ventar på at det skal dukka opp ein som heiter Habakkuk, men der vert ein diverre vonbroten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.