Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ulukkeleg i lukkeland

Romanen til F. Scott Fitzgerald er verkeleg ein klassikar, men plottet kan berre løysast med melodrama.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Francis Scott Fitzgerald (1896–1940) byrja skrive medan han utdanna seg i militæret, i redsle for å døy om han vart send i krigen. s

Foto: F. Scott Fitzgerald Archives / Wikimedia Common

3664
20241213
3664
20241213

Roman

F. Scott Fitzgerald:

Den store Gatsby

Omsett av Nils Henrik Smith
Skald Forlag

Den amerikanske draumen er internasjonal, dei fleste er lukkejegerar, sjølv om somme også jaktar på ulukka, for å samla seg liding som kapital. Meir vanleg er det å lengta etter rikdom, å gjera det godt, medan det er heller få som seier at målet er å vera god.

I romanen Den store Gatsby, no for første gong omsett til nynorsk, av Nils Henrik Smith, i den gilde klassikarserien til Skald Forlag, møter me Nick Carraway som i 1922 har reist frå Midtvesten til New York, på jakt etter lukka der. Han bur på Long Island og får vita at nokre kjenningar av han frå heimtraktene, ekteparet Tom og Daisy Buchanan, også bur i nærleiken, og han kjem i kontakt med dei.

«Romanen, som er skriven i eit nøytralt og konsentrert språk, er ein ekte klassikar.»

Oppfarande kar

Tom er ein kraftfull og oppfarande kar, medan Daisy er ei bortskjemd rikmannsdotter. Det syner seg at Tom har ei anna kvinne i livet sitt, Myrtle Wilson, som er gift med ein kar som driv ein bilverkstad. Grannen til Nick, Jay Gatsby, som held overdådige festar i det gigantiske huset sitt kvar kveld, er ein mystisk kar, men Nick får kontakt med han òg, og litt etter litt får lesaren vita at Gatsby kjende Daisy før ho vart gift med Tom. Den gongen var Gatsby ung og pengelens, sidan har han gjort det stort i affærar som ingen veit noko sikkert om, men ryktet går, eller rykta, for dei er mange.

På desse festane dukkar det opp folk frå sosieteten i New York kring 1922. Nick nemner mange av dei, men dei fleste namna verkar framande for ein nordmann hundre år etter. Det einaste eg verkeleg dreg kjensel på, er Francis Bull, og eg er freista til å parafrasere, etter upåliteleg minne, ein passasje frå boka Den forsvundne pølsemaker (trur eg) av Rocambole Pedersen: Kven skulle trudd at det var den seinare så vidgjetne norske litteraturkritikaren og professoren som gjekk i slike selskap. Og, som det heiter i det nemnde bokverket: «Så var det da heller ikke ham.»

Sjølv om ein ikkje kjenner festlyden, forstår ein at dei høyrer til ein spesiell klasse. Dei er stort sett unge, vellukka personar, få eller ingen av dei har ordinære jobbar, og det er som om dei er på veg mot eitkvart sjølv når dei står stille.

Avgjerande handlingar

Nick vert ein slags mellommann mellom Gatsby og Daisy, og han innser at Gatsby har bygd opp både rikdom og rykte for å komma nær Daisy att, og det er eit sentralt punkt i romanen når Nick forstår at Gatsby har fantasert seg til ein illusjon om Daisy, i ein slik grad at den røynlege kvinna må verta eit vonbrot. Så langt kjem ikkje Gatsby i observasjonen av ho, for noko skjer, ei ulukke som er skildra med nokre til dels groteske detaljar, og den hendinga utløyser dei avgjerande handlingane.

Dette punktet i boka er litt vel melodramatisk, men truleg også det som vert verande i minnet for mange. Konstruksjonen i romanen kjem litt for tydeleg fram, men Scott Fitzgerald er smart, romanen held fram eit stykke til, med nokre tablå frå ei gravferd, presist skildra minne frå Central Station i Chicago, med heimreiser til jul då Nick gjekk på kostskule, eit siste møte med Tom, og til sist nokre udramatiske scener som høver perfekt til rulletekst.

Romanen, som er skriven i eit økonomisk, nøytralt og konsentrert språk, i denne utgåva flott omsett til friskt nynorsk, er ein tidskapsel, ein ekte klassikar. Skildringane av folk, av ambisjonar og attrå, er gyldige til alle tider.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

På veg gjennom Hallormsstadaskógur.

På veg gjennom Hallormsstadaskógur.

Foto: Harald Hognerud

ReportasjeFeature

Nordmenn planta ein million tre på Island

– Kva gjer du når du går deg vill i ein skog på Island?
– Du reiser deg opp!

Ottar Fyllingsnes

President Joe Biden ser på ein kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i New York hausten 2022. For tida går det føre seg eit globalt kappløp for å utvikle stadig kraftigare utgåver.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Samfunn

Mot ein ny teknologisk tidsalder

Om få år kan verda stå overfor ein kvanteteknologisk revolusjon. I Noreg bur næringsliv og tryggingsmiljø seg på ei omvelting ingen enno kjenner dimensjonane av.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis