Bok

Ut på tur, alltid sur

Ingvild Solstad-Nøis’ fjerde roman har gode taktar og nokre brot med desse. Akkurat som ferien ho legg for dagen.

Ingvild Solstad-Nøis er busett i Tromsø, der ho er festivalsjef for Ordkalotten. Denne hausten kjem ho med roman nummer fire sidan debuten i 2011.
Ingvild Solstad-Nøis er busett i Tromsø, der ho er festivalsjef for Ordkalotten. Denne hausten kjem ho med roman nummer fire sidan debuten i 2011.
Publisert

Eit venepar og dei til saman fire barna deira leiger seg eit feriehus i ein landsby i Sør-Frankrike. Dei har gledd seg lenge, og no skal dei verkeleg ha det moro saman. Ein klassisk grøssar.

Grepet med å avlevere eit knippe menneske på ein liten plass for å sjå kva som skjer, er ikkje nytt, verken i dramatikken, litteraturen eller filmverda. Ein kan seie det følgjer prinsippet til Gary Larson-teikninga der han lar to digre romvesen på ein framand planet stå med eit syltetøyglas mellom seg med to astronautar inni, som dei har fanga, og den eine seier: «Prøv å riste på det og sjå om dei begynner å slåst!»

Fasadeferien

Forsøksdyra i denne forteljinga er Kath og mannen hennar, Eivind, og dei to barna deira, Luna og Mie. Dessutan hovudpersonen og mannen hennar, Anders, med borna Adrian og Feir. Kath og hovudpersonen er barndomsvenninner frå Nord-Noreg.

Ferieopphaldet begynner tilforlateleg, men snart viser det seg at tonen personane imellom ikkje er knirkefri. Gretne ungdommar vil leve sitt eige liv, mellom Kath og hovudpersonen er det små gnissingar over kvardagslege gjeremål, den uforsonlege tonen mellom Kath og Eivind legg ein dempar på stemninga, og etter kvart skjer fleire dramatiske hendingar inne i landsbyen, som feriegjestane reagerer ulikt på, og som skapar djupare konfliktar.

Ingvild Solstad-Nøis held seg med eit knapt og nøkternt språk, noko som forsterkar kjensla av uhygge eller ugreie. Alt som skjer, er observert gjennom hovudpersonen, som òg verkar noko overkjensleg for signal som kan tolkast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement