Bok
Utan returbillett frå Drøymeland
Arne Ruset skriv sorgmuntert og med stor forstand om demens.
Arne Ruset har i mange år arbeidd som psykiater og har skrive bøker i fleire sjangrar.
Foto: Solum Bokvennen
Kva er eigentleg røynleg? I fysikken har det vore ei viss usemje om ting har objektiv eksistens eller ikkje, i alle høve gjeld dette for dei minste byggjesteinane i naturen, som alt er gjort av. Likevel tykkjer vel dei fleste at røynda er fast og ubrigdeleg, som ein føresetnad der det sanne er for vondt til å vera godt, og det gode er for godt til å vera sant.
I hjernen, der sanseinntrykka vert ordna, eller rota til, vert opplevinga av verda til, såleis at kvar har sin versjon av eksistensen. For somme vert denne versjonen skipla, til dømes ved ymse former for demens, og den personlege opplevinga til den einskilde vert så avvikande frå det andre kan verta samde om og kalla røynda, at den avvikande vert rekna for sjuk.
Sårt og vittig
I den nye romanen til Arne Ruset møter me Agnar, ein mann i byrjinga av 70-åra. Han seier sjølv at tankane hans er gneistrande klare, men noko av det som er klart for han, er ikkje-eksisterande for alle andre. Han lever åleine, men ikkje langt frå dottera Liv. I Thailand har han ein son som er i evige forhandlingar om eitt eller anna, og all omsorg for Agnar fell såleis på Liv, som ser at det går nedover med faren.
Heldigvis får ho ordna med hjelp frå heimetenesta, men Agnar, som er frisk lekamleg, får det for seg at han skal i gravferda til ein kjenning, han oppsøker ei kyrkje der ein slik seremoni går føre seg, men lesaren forstår at Agnar tek feil likevel. Etter gravferda rotar han seg inn på ein flybuss og trur han er på veg med fly til Irland. Han forvillar seg vekk, og vert etterlyst, og lukkelegvis funnen, medan han stadig trur han er i Irland, der han har vore før. Denne delen av romanen er både sår og vittig på same tid, og skildra absolutt truverdig frå innsida, av ein forfattar som veit kva han skriv om.
Når ein ler av dette tragiske, i alle høve av einskilde episodar, er det ikkje med ein vond lått. Det pussige i den brotne logikken, der Agnar går vidare innover i sitt private Drøymeland, utan returbillett, er slåande og overraskande, det verkar ikkje konstruert, men er spontant og abrupt og dermed ekte: for Agnar er det røynda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.