Musikk

Brannmeister Berlin

Det trønderske universalgeniet stod mellom to epokar i musikkhistoria.

Johann Daniel Berlin (1714–1787) var organist i Nidarosdomen. Domkyrkja er her framstilt på eit koparstikk frå 1762.
Johann Daniel Berlin (1714–1787) var organist i Nidarosdomen. Domkyrkja er her framstilt på eit koparstikk frå 1762.
Publisert

For ti år sidan gav Norsk Barokkorkester ut eit album med noko så uvanleg som trøndersk barokkmusikk. Albumet har ikkje stått urørt i platehylla mi sidan den tid, for ikkje berre er musikken og musiseringa framifrå. Livshistoria til komponisten er verkeleg «verd å skriva heim om», som engelskmennene plar seia.

Som dei fleste profesjonelle musikarar i Noreg på 1700-talet ætta Johan Daniel Berlin (1714–1787) frå det tyske kulturområdet. Han kom til verda i prøyssiske Memel i dagens Litauen og gjekk i lære hjå stadsmusikanten i København. I 1737 blei han kongeleg privilegert «stadsmusicus» i Trondheim, ei stilling som innebar monopol på alle offentlege og private musikkframføringar i byen og omlandet. Tre år seinare overtok han òg organistposten i Nidarosdomen, noko som i tillegg sikra han kontroll over all kyrkjemusikk.

Brannmeister

I dag er Berlin hugsa som forfattaren av Musicaliske Elementer frå 1744, den aller fyrste musikklæreboka utgjeven i Danmark-Noreg. Men denne ambisjonsrike og vitelystne mannen var meir enn musikar. Han var Trondheims «Ober-Brandmæster» og styrar for vassverket, og i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs skriftserie publiserte han om alt frå eigne meteorologiske observasjonar til ei sjølvkonstruert treskjemaskin.

Som komponist står han mellom to epokar i musikkhistoria, nemleg seinbarokken og den førklassiske stilen som ein gjerne kallar «galant». Instrumenteringa av to verk på Norsk Barokkorkesters plate kan tena som døme.

Gammalt og nytt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement