Bok
Breier seg i trong sjanger
Peikeboka er ein teksttype med mange avgrensingar. Lite tekst, få karakterar, enkle illustrasjonar og hendingar frå dagleglivet er oppskrifta i sjangeren.
Hege Østmo-Sæter Olsnes syner at det er mogleg å overraske dei minste lesarane, skape humor og stimulere både fantasien og ettertanken, sjølv om rammene er såpass stramme.
Den andre boka om Rot og Bjørne slår seg heller ikkje til ro mellom peikebøkene, men breier seg ved å låne verkemiddel vi vanlegvis finn i biletbøker for litt eldre barn. Illustrasjonane strekkjer seg gjerne over heile oppslag, og bileta spelar aktivt på sidevendinga som ein spenningsskapar.
Rot er energisk og utolmodig. Når dei leikar gøymsle, vil han bli funnen med ein gong. Bjørne, derimot, går systematisk til verks, tel langsamt til hundre og undersøkjer alle spor. Forfattaren smir forteljinga over ein mykje brukt lest: Ulike eigenskapar vert overdrivne til det komiske, og dermed er moroa i gang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.