Bok
Breitt og innhaldsrikt
Her får du livets største spørsmål baka inn i finans- og religionshistorie.
Ole Asbjørn Ness brakdebuterte og fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for 14 år sidan.
Foto: Niklas Lello
Eg ser stadig for meg filmen Wolf of Wall Street (2013) når eg les Aftenlandet. Leonard DiCaprios tolking av den tidlegare aksjemeklaren Jordan Belfort er lik Ole Asbjørn Ness’ romanfigur Daniel: kalkulerande, lynande intelligent og ikkje minst kaldare enn is.
Kjøp og sal
Forfattaren skriv òg med like høgt tempo og underhaldningsverdi som eg hugsar frå filmen. Norske Daniel har flytta til London og satsar ikkje berre stort, men alt, på trading – kjøp og sal av verdipapir. Mykje av det som omhandlar dette yrket, er heilt nytt for meg, og eg må innrømme at noko går over hovudet på meg, men eg stoler fullt og heilt på at siviløkonom Ole Asbjørn Ness kan dette.
Brorparten av romanen går føre seg på midten og slutten av 1990-åra. Det er eit mørke i teksten som kan minne om ein dystopi, og eg trur forfattaren ønsker å vise oss eit bilete av dei store samanhengane, eller motsett, dei store samantreffa. Slik sett er det originalt å plassere oss 20 år tilbake i staden for nokre år fram i tid. Eg trur fleire enn eg kjem til å setje pris på å lære om Asia-krisa – finanskrisa som dei fleste av oss har gløymt: I 1997 stupte den thailandske bahten i verdi, noko som fekk store konsekvensar for fleire land.
Men Aftenlandet er langt ifrå ein rein finansroman. Vi har to hovudpersonar til: Hanna, ekskjærasten til Daniel som satsar på ein karriere som skodespelar, og forfattarspiren Kateb som flyktar frå Algerie.
«Noe mer»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.