Bok

Brev som litterær sjanger

Boka syner at brev frå denne tida ikkje berre var ei vanleg kommunikasjonsform, men ein viktig litterær sjanger.

Brevvenene Kristian Prestgard og Ivar Kleiven sommaren 1927.
Brevvenene Kristian Prestgard og Ivar Kleiven sommaren 1927.
Publisert

Bak denne boka med nesten to hundre brev mellom Ivar Kleiven (1854–1934) og Kristian Prestgard (1866–1946) ligg eit enormt arbeid og ei stor interesse for å lese brev som litteratur. Kleiven (frå Vågå) og Prestgard (frå Heidal) skreiv brev til kvarandre i over førti år.

Sjølv om Kleiven har skrive langt dei fleste breva som er samla i boka og er betre kjent som granskar og samlar av lokalhistorisk materiale, er det Prestgards brev som i dag vekker størst interesse, ikkje minst fordi Prestgard skreiv om store omskifte og oppbrot i eige liv. Det er meir liv og røre i breva hans. Prestgard fór frå heimegrenda, først til Seljord, så til Danmark og til slutt til Midtvesten.

TIL CHICAGO

Brevskrivarane møttest som elevar på Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord i 1885. Kleiven var ein god del eldre enn Prestgard, og det ser ut til å ha vore han som starta brevvekslinga, for Kleiven har heile tretten brev i boka før Prestgard kjem i gang. Korrespondansen tek til i Seljord og ender i Decorah i Iowa. Dei to venene skreiv om korleis dei las norsk samtidslitteratur, Ibsen, Bjørnson og Garborg.

I 1888 kom Prestgard attende til Seljord, som lærar. Han klaga på at skulemannen Ullmann var mest ute på reiser: «Ullmann tullar seg burt inne i hovudstaden».

Prestgard tykte lite om Vinjes deling mellom austland og vestland, og ville heller skilje mellom «fjellbu, fjordbu og flatbu». I 1892 nemnde Prestgard at folk i Seljord «sladrar og baktalar og lyg paa einannan», som før. Han meinte elles at han var den einaste der i bygda som (i 1893) støtta Knut Hamsun.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement