Musikk

Briljant ambivalens

Eirik Hegdal har organisert ein musikalsk dugnad.

Publisert

Eirik Hegdal har samla eit knippe musikarar som han har stor sans for, men som ein knapt ville tru høvde i same band. Truleg difor namnet eklektisk samband. Før innspelinga laga Hegdal ei elektronisk mappe der bandmedlemene kunne gjera om på og koma med innspel til musikken og tekstane som Hegdal hadde lagt ut i utgangspunktet. Ein arbeidsmåte i eklektismens namn. 11.–13. desember hadde bandet tre intense dagar i studio som har resultert i denne plata.

I gjentekne møte med musikken og tekstane, seks av dei ni låtane har tekst, merkar ein at det opp frå dei musikalske impulsane og motiva i tekstane stig ein spanande og utfordrande tematikk som understrekar einskapen langt sterkare enn det eklektiske utgangspunktet og arbeidsmåten.

Med låttitlar som «Turnchest in Candlewax» og «Carved Air Calligraphy» indikerer ein motsetnader mellom styrke og veikskap og det varige og det forgjengelege. Fleire av tekstane tematiserer det lytefrie ytre og dei mange ulmande tragediane som blir feia under teppet eller haldne på armlengds avstand.

Musikken er heile tida med på å understreka ambivalensen i tematikken. «Desire» er eit glimrande døme. «... nevermind, fold me in the sky do you wanna dance/ do you wanna dance/ desire, desire/ dance, dance, dance, dance, dance...»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement