Kunst

Bronsehest frå Finn.no

Annakvart år vert fire norske kunstnarar inviterte til å kappast om Lorck Schive Kunstpris på 500.000 kroner. I år er dei nominerte Anna Daniell, Ane Graff, Joar Nango og Ahmed Umar.

Anna Daniell: «Dyttet i ryggen, sparket i magen», 2023.
Anna Daniell: «Dyttet i ryggen, sparket i magen», 2023.
Publisert

Derfor er det med stor forundring eg stig inn i den store og vakre Overlyssalen i andre etasje, det desidert beste rommet i Trondheim kunstmuseum, og finn det tomt. Det einaste i rommet er store fototapetar av kunstnarane på veggane og eit slags podium midt i rommet. Her har museet gjort det altfor lettvint for seg sjølv. Det er verkeleg synd at ingen av kunstnarane har teke dette rommet i bruk. I staden er utstillingane plasserte i fire av salane i sidefløyene. Dette er såleis ei langt mindre utstilling enn den vi er vande til å sjå på Lorck Schive Kunstpris.

Noas ark

Et tenker særleg på at Anna Daniell kunne ha breidd seg utover heile Overlyssalen med sitt bidrag. «Dyttet i ryggen, sparket i magen» er ei sjarmerande og leiken fabulering om kva vi skulle berge med oss i ei Noas ark for kunst. Blikkfanget er ein diger bronsehest som steglar med flagrande man. Kven som er skulptøren, får vi ikkje vite. Han stammar truleg frå eit firma som har spesialisert seg på dyreskulpturar. Nettet flyt over av slike figurar. Det som ein gong var ekstremt eksklusivt, er i dag tilgjengeleg for ein sum som er mykje lågare enn det mange spanderer på bil eller båt (200.000–250.000 kroner).

Kunstnaren har lånt hesten frå ein anonym person som la han ut på Finn.no, han skal leverast attende til eigaren etterpå. Når ein står framfor den monumentale utforminga, er det vanskeleg å kome unna spekulasjonar om ein slik masseprodusert gjenstand i det heile er kunst: Kvar går grensa – finst slike grenser? Såleis utfordrar Daniell oss på kva ein kan ha med på utstilling.

For å integrere dyret betre inn i utstillinga, har Daniell frekt og freidig pensla litt blåfarge på auga og kroppen, med eit vassløyseleg stoff som er lett å vaske av før hesten vert returnert. Det er i det heile mange lag av underfundig humor i denne utstillinga.

Det digre dyret er flankert er store freskar av stiliserte bølgjer og ein havhest. Havhesten er nesten like høg som bronsehesten, men utført i lettbetong der sementen er iblanda kuler av isopor. Dette gir skulpturen knudrete, grove former som minner om dei må barn lagar. Det er artig å sjå hesten saman med den klumpete og søte havhesten. Eg grip meg i å lure på om ein eigentleg treng å redde havhestar frå syndfloda? Men sjølvsagt må ein det, for ein skulptur kan jo ikkje symje, kva enn motivet skulle vere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement