Musikk

Brontë–Dickinson-evangelium

Tekstane toler stresstesten til In The Country, Slettahjell og Reiersrud.
 

Roger Arntzen, Pål Hausken, Knut Reiersrud, Solveig Slettahjell og Morten Qvenild gjev ut album med tonsette dikt.
Publisert Sist oppdatert

På den tredje plata til dette stjernespekka samarbeidet har Solveig Slettahjell funne fram ti dikt av Emily Dickinson og to av Brontë-systrene (Emily og Charlotte). Qvenild har sett musikk til ni av dei, og Terje Johannesen har skrive musikken til «She Dried Her Tears» (E. Brontë). 

Det meste av musikken har eit meditativt preg og er sterkt gospelinspirert. Fleire av låtane er lette å minnast og syngja med på. Det improviserte har ikkje ein framskoten plass i produksjonen, men det ettertenksame koret til Knut Reiersrud på Charlotte Brontës «Parting» gjer dette til eit av høgdepunkta på plata.

Lydbiletet er grandiost, prega av ein katedralsk romklang og arsenalet av tangentinstrument til Qvenild og dei karakteristiske gitarklangane til Reiersrud. I møte med den lågmælte poesien kan det musikalske til tider bli overveldande. 

Heldigvis har kvintetten teke grep og invitert Sidsel Endresen til å resitera noko av teksten. Ho strippar dei små lyriske miniatyrane frå den barokke innramminga og set i korte augneblink fokus på teksten aleine. Sjølv om Endresen berre resiterer ei strofe eller tre i nokre av dikta, gjev dette ein etterlengta balanse.

For det meste er det likevel slik at komposisjon, arrangement og Slettahjells vokal på respektfullt vis formidlar tekstane på framifrå vis. Dette er så til dei grader tilfellet på tittelkuttet, Emily Brontës «Remembrance». Dette kuttet er materialet klassikarar er laga av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement