Musikk

Brutal plast

Nicki Minajs femte album er ein underleg skeisesklitur oppå – men i grunnen eigentleg under – plasthudoverflata.

Publisert

Den trinidad-tobagiske, sambandsstatbaserte artisten Onika Tanya Maraj-Petty, også kjend som Nicki Minaj, bidrog tidligare i år til Barbie-filmen med Aqua-hyllesten «Barbie World». Ho slo gjennom med Pink Friday i 2010, og Pink Friday 2 er det femte studioalbumet hennar.

Pink Friday 2 høyrest ved første øyrekast ut til å vere omsløra av eit silkemjukt rosafilter. Opningssporet sklir inn og ut mellom barndom og vaksenliv over Billie Eilish-samplingar, gospelkor og bedehuspiano: «Who wanna play with Nicki», rappar ho over den kjende ljoden av vrengde Roland 808-sub-basstrommer på spor 2, «Barbie Dangerous». «Murda murda murda murda», messar ho nokre spor seinare, på «Beep Beep».

Det er ikkje berre dokker «The Queen of Rap» leikar seg med; den glatte plastkarakteren hennar er på same tid ein hardbarka actionfigur: Barbie, superheltinne og vondt supergeni i ein og same persona, og når siste låt, den brutalt hjarteskjerande og svulmande R&B-balladen «Just the Memories», der Minaj mimrar om klassekameraten som blei drepen med eit stilettknivstikk i nakken, tonar ut, lurer eg på om eg har blitt rundlurt. Om eg har blitt forvilla ut på ein rundtur på glattplastisen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement