Teater

Brutalt, skremmande og velspelt

Ei gåtefull historie og mørk komedie med ein kjerne som er meir aktuell enn vi likar å sjå.

Idun Losnegård i hovudrolla.
Publisert Sist oppdatert

Så tøff er denne framsyninga at teateret har sett 16 år som aldersgrense. Det er forståeleg.

Vi er i eit ikkje namngitt totalitært diktatur, og overvakingspolitiet har teke ein forfattar (Idun Losnegård) og den litt tilbakeståande bror hennar (Eirik Risholm Velle) inn til avhøyr – utan at forfattaren anar kva ho er mistenkt for. Det blir klart at tre barnedrap har funne stad, og at dei kan vere inspirerte av forteljingar kvinna har skrive. To politimenn/torturistar (Gerald Pettersen og Anderz Eide) avhøyrer henne gjennom eit nedbrytande psykologisk spel.

Gradvis skjønar vi at desse personane alle har hatt ein barndom prega av vald i ei eller anna form. Og at vald er eit sentralt tema i stykket. Kan fiktiv vald føre til verkeleg vald? Kan forfattaren haldast ansvarleg for det ho kanskje har inspirert andre til å gjere? Kva er det som gjer at så å seie alle forteljingane ho skriv, handlar om born som blir drepne eller på andre vis mishandla og øydelagde? Kva gjer vald og tortur med menneske? Kor viktig er litteraturen og kunsten?

Framsyninga er meir enn avhøyr, ho tek oss òg inn i fiktive – eller verkelege? – valdsepisodar frå fortida, så brutale at dei knapt er til å halde ut. Og med eit grotesk oppdragingseksperiment som ein viktig ingrediens. Handlinga tek stadig nye vendingar, og etter kvart er det uråd å skilje fantasi frå røyndom med ein tekst som heile tida motseier og underminerer seg sjølv. Både Kafka og Pinter kling i bakgrunnen.

Problemstillinga er like aktuell i dag som då stykket blei skrive, debatten om i kva grad dagens valdelege filmar og dataspel fører til meir brutalitet og kriminalitet, høyrer vi stadig. Stykket er også rikt på kynisk og grotesk humor, som tvingar oss til å tenkje gjennom eigne haldningar til det vi ser på lerretet, skjermen eller i røyndomen.

Teksten er uvanleg ordrik, men framifrå skodespelarprestasjonar frå heile ensemblet – og intensiteten i det dei framfører – klarar å halde på merksemda vår i bortimot to og ein halv time, utan pause. Ein prestasjon i seg sjølv. Skal nokon framhevast spesielt, må det vere Idun Losnegård, som her leverer det eg trur må vere sin beste prestasjon nokosinne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement