Film
Bygdereinsdyret
Fordommar og forelsking kranglar om plassen i Tundraens voktere.
Nils Ailu Kemi og Risten Anine Gaup spelar hovudrollene i spelefilmen til Sara Margrethe Oskal.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Då samiske, Oslo-baserte Lena (Gaup) kjem tilbake til bygda for å jobba med kunsten sin, møter ho ein vegg av skepsis og motvilje. Den einaste som møter ho med ope sinn, er reindrivaren Máhtte (N. Kemi). Det gjer derimot på ingen måte mater familias, Gáren (B. Kemi).
Klisjeane
Kor mange klassiske kjærleikshistorier på film kjenner du til der hovudpersonane er samiske? Ikkje mange, vil eg tru. Difor er det ein forfriskande tanke at samisk er så etablert at ein kan laga romantisk drama med berre samisktalande personar. Det er synd at mykje av det samiske kjennest påklistra – på bussen durar samisk radio, på puben blir det spela samisk teknomusikk når det ikkje er joikekonkurranse, og norsk er fråverande, utanom hos den vesle sonen Jonas Anta, som snakkar uovertydande austlandsk før han tek til morsmålet.
Skodespelet er heller ikkje overtydande, noko som kan koma av manus så vel som av dei som framfører det. Regissør og manusforfattar Sara Margrethe Oskal har tydd til vel mange klisjear, både i tematikk, i dialog og i klipp. Når Lena joikar på puben og scena blir kryssklipt med reinsdyr i snøen, vippar det over i komisk symbolikk.
Búres, samisk film
Eg set verkeleg stor pris på å sjå meir samisk i film, og det er bra at alt ikkje treng det triste, dels valdelege, dels aksjonistiske bakteppet som historia automatisk inneber for det samiske folket (tenk Kautokeino-opprøret (2008), Veiviseren (1987) eller fjorårets Ellos eatnu/La elva leve). I Tundraens voktere går kritikken på haldningar og innstillingar til kva som er korrekt kutyme blant dei samiske sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.