Bok

Då naturverntanken vart norsk

Mardøla 1970 er ei sjeldan god skildring av eit vanskeleg tilgjengeleg tema der alle detaljar opplyser heilskapen.

Sigmund Kvaløy Setreng kjempa for Mardøla-vassdraget i 1970 og vart fjerna av politiet.
Sigmund Kvaløy Setreng kjempa for Mardøla-vassdraget i 1970 og vart fjerna av politiet.
Publisert

Dersom det finst stillslege bøker med sprengkraft, så er dette ei av dei. Stilt og roleg veks det fram ei grunnleggjande forståing av kva det vil seie å ta ansvar for nærmiljøet.

Eg var 13 år under Mardøla-aksjonen. Eit fjellmassiv skilde to bygdelag i Romsdalen, på eine sida Åndalsnes og Rauma og på hi sida Eresfjord og Eikesdal. Desse sistnemnde, minst folkerike bygdene skulle miste vassføringa i Mardalsfossen; vatnet skulle til Grytten på Raumasida.

Sommaren 1970 var den varmaste sommaren etter krigen, sa folk. Siste dagen i juli, ein fredag, prusta den gamle Skodaen vår seg oppetter bakkane i Eikesdalen med familien på fire – til radiatoren kokte. Vi heldt pause og åt niste i den forfriskande fuktskya – dumba, sa far – frå Mardalsfossen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement