Bok
Då Noreg kunne blitt fritt frå Danmark
Kungens niding er ein historisk og nyskapande roman om ei brytningstid i Norden.
Lars Trygve Solli er filosof og bur i Sverige.
Foto: Ekström & Garay
Lars T. Solli er ein norsk filosof som har slått seg til i Sverige. I denne svenskspråklege romanen går vi inn i ei turbulent tid i Nordens historie. Måten soga er fortald på, er forfriskande uvanleg: 31 små kapittel fører oss gjennom snapshotaktige scenar over 150 sider. Somtid dialogar, somtid konfrontasjonar, somtid tankereferat og somtid novelleliknande småsoger. Undervegs kan ein stogge og tenkje seg om, og gjerne også grave litt i historiske verk.
Adelsmannen Knut Alvsson (Tre Rosor) til Giskegodset og arving til Sudreimsgodset var høvedsmann på Akershus festning. Hausten 1497 vart ein fut, Lasse Skjold, drepen av allmugen på Nes og Ullensaker etter at futen hadde vore særskilt brutal i framferda. Knut vitna i rettssaka i 1498. Akerallmugens ni representantar vart av lagrettemennene dømde til å betale bøter til kongen og kongens ansvarshavande, altså Knut Alvsson.
Grovt overgrep
Så kom eit uventa krav, at dei som no bøtte, også måtte verte fredlause. Dei hadde etter Magnus Lagabøtes landslov forbrote seg mot kongens fred. Riksrådsmedlemen Henrik Krummedike fekk i oppgåve å gjennomføre dommen. Til stor skrekk for allmugen fekk han halshogd tre av bøndene.
Slik framferd vart opplevd som eit grovt overgrep i strid med norske lover og rettspraksis. Men no vart Knut Alvsson halden ansvarleg og frådømd stillinga som høvedsmann – som Henrik Krummedike så tok over. Knut fór då til Sverige og var mindre i faresonen. Der slo han seg saman med Svante Nilsson og Sten Sture den eldre, og dette gjorde tilhøvet til kong Hans vanskeleg; kongen gav difor Henrik Krummedike ordre om å overvake Knut Alvsson.
Det kom jamt inn fleire klager frå folket, og til sist, i 1501, stilte Knut Alvsson seg i spissen for bondeopprøret mot danskekongen. Sjølv om der kom nok av folk til frå godsa til Knut, vart det ikkje nok trykk overfor trente danske militære. Så i 1502 bad Knut om fritt leide og forhandlingar. Fleire historikarar har meint at Knut ville ha norsk union med Sverige, slik at ein kunne kvitte seg med dansk overherredøme. Det ser slik ut, sidan Henrik Krummedike fann ut at han måtte få Knut drepen, for elles risikerte ein jo at uroa heldt fram og forbundet mellom Noreg og Danmark vart brote.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.