Litteratur
Damene dominerte
ULVIK: Tingingsverket Oljedrømmer og Systerspel med Benedicte Maurseth var høgdepunkta på Poesifestivalen i år.
Benedicte Mauseth har sett saman ei tankevekkjande framsyning om spelekvinner heilt attende til 1700-talet.Benedicte Mauseth har sett saman ei tankevekkjande framsyning om spelekvinner heilt attende til 1700-talet.
Foto: Mari TveitiFoto: Mari Tveiti
Ulvik var heimstaden til Olav H. Hauge, men den vesle fruktbygda inst i Hardangerfjorden har mange kvalitetar som festivalstad med det ikoniske ungdomshuset Elvatun som festivalens dreiemoment. I desse omgjevnadene har festivalorganisasjonen over ein god tiårsperiode programmert spanande festivalar og utvikla eit festivalformat som fungerer glimrande.
Festivalen 13.–15. september var ikkje noko unnatak. Diktsamlinga På ørnetuva var tema for festivalen, og diktsamlinga blei «langlesen» av Anne Kleiva, dels nytolka av årets Hauge-førelesar Elin Stengrundet og stod sentralt i samtalen mellom Erlend O. Nødtvedt og Fredrik Parelius.
Dystopisk undertone
Tingingsverket Oljedrømmer med tekst av haugestipendvinnar 2022 Priya Bains og musikk av Mira Thiruchelvam er ifølgje programmet ein dystopi. Det femdelte verket har ein dystopisk undertone, men også element av von som munnar ut i ei uvisse.
Oljedrømmer blei ein minimalistisk triumf der dei sceniske verkemidla var reduserte til tett på ingenting. Bains resitere teksten i fast positur med stivt blikk på eit manus i armlengds avstand, anten vendt mot høgre eller mot venstre. Aldri såg ho rett fram mot publikum. Thiruchelvam styrte det meste av musikken frå laptopen, men plukka fram gitaren eller den indiske bambusfløyta ved nokre høve. Også teksten var prega av minimalistiske endringar i ein flaum av repetisjonar.
Publikum kom inn i eit dunkelt konsertlokale med ein maskinlyd (gamaldags oljepumpe (?)) gåande på PA-anlegget. Brått var dei to i gang på scenen utan noka form for introduksjon – jeg drømmer vannets buldring over landmassene/ jeg drømmer vannets bevegelse over steinene/ jeg drømmer tidevannets utrettelige arbeid/ dyphavets strømmer, surklingen i mosen/ dråpene ned fjellsiden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.