Bok

Dansen kring børskalven

Boka skildrar jobbetida, brørne Blystad og krakket i 80- og 90-åra, men utan malurt og djupare refleksjon.

Oslo-ordførar Marianne Borgen ønskte velkomen til feiringa av Oslo Børs’ 200-årsjubileum i Oslo Rådhus 11. april i år.
Oslo-ordførar Marianne Borgen ønskte velkomen til feiringa av Oslo Børs’ 200-årsjubileum i Oslo Rådhus 11. april i år.
Publisert

Børsen rundar to hundre år og feirar det med å gje ut si eiga historie. For folk flest er dette ei ukjend eller i alle fall ei dunkel soge, knytt til børsskandalar, Bør Børson, jobbetid og grunnrike jyplingar med tvilsam forretningsmoral. Men då Børsen vart grunnlagd i 1819, var han ein av mange grunnsteinar i den nasjonale gjenreisinga. På same måten som landet trong eit finansdepartement, ein eigen valuta, ein eigen nasjonal bank, eit universitet og ein liten hær av trufaste embetsmenn, trong det ein møteplass og ein marknadsplass for handelen.

I to hundre bølgjande år har Oslo Børs vore livs levande, og historikarane Camilla Brautaset, Gunhild J. Ecklund og Lars Fredrik Øksendal har skrive ei lettlesen og informativ bok om desse åra. Det var mektige menn i statstenesta og handelslivet som tok initiativet. Nicolai Andresen frå Sønderjylland sat på Stortinget og var reiar, handelsmann og bankier i den nye hovudstaden. Det var også Johannes Heftye, ikkje nemnd i boka, sentral aktør likevel. Likeins må ein tru at finansministeren, Herman Wedel Jarlsberg, som stridde slik for å få lån frå utlandet, hadde ein finger med i spelet.

Veksels- og valutabørs

Den første Børsen var ein veksels- og valutabørs, der folk selde og kjøpte vekslar og handla med pund, franc, mark og spesidalar. Vekslane, det vil seie gjeldsbreva, var sentrale betalingsmiddel, og fleire bankierar tente seg styrtrike fordi renta var høg og etterspurnaden skrikande i eit land der ein skulle bygge opp skipsflåten, reise sager og møller, utvikle gruvedrifta, kjøpe inn spinnemaskiner og vevar, utbetre vegane og mykje anna.

Camilla Brautaset fortel levande om den internasjonale krisa som i 1857 skapte dramatikk på Børsen og i gatene i Christiania, og både ho og medforfattarane dreg fargerike og spanande profilar inn i forteljinga. Politisk strid og kunstnarliv høyrer med, og den økonomiske børskarusellen er da også kjent frå verk av Ibsen, Bjørnson, Hamsun og Borgen.

I 1880-åra begynte ein å omsetje obligasjonar og aksjar på Børsen. Det var Nicolay August Andresen og bankieren Severin Christian Andersen som tok tak for ein fondsbørs. I 1881 vart han fødd, men først i 1899 slo den første spekulasjonsbølga inn i kafeane i byen, og etterspurnaden etter tomter og bygardar var grådig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement