Bok
Degradert til olding
Lisa Ridzén har skrive eit verdig verk om den nedverdigande slutten av livet.
Lisa Ridzén bur på ein liten stad utanfor Östersund. Ho er doktorgradsstipendiat i sosiologi og har spesialisert seg på maskuline normer og kjensler på den norrlandske landsbygda.
Foto: Gabriel Liljevall
Vert du gamal nok, vil du kan hende oppleva at alt som definerer deg, går tapt, litt etter litt, til du knapt har annan identitet att enn statusen som hjelpetrengande olding. Slik er det med den 89 år gamle Bo i debutromanen Tranene flyr mot sør av svenske Lisa Ridzén.
Bo bur på landsbygda, nær Storsjön i Jämtland, og dermed også nær det mytiske, på eit vis, Storsjøormen eller Storsjöodjuret, som dei kallar det i Sverige. Dette moglege monsteret nemner boka, men utan å gjera noko nummer av det, endå utsegner om vesenet er å finna i skriftlege kjelder frå 1600-talet, og vesenet, eller uvesenet, truleg er avbilda på Runesteinen på Frösön, ein gong kring år 1050.
Minne og draumar
Bo har ei dement kone, Fredrika, som er på sjukeheim, elles har han ofte kontakt med den travle sonen Hans, litt sjeldnare med barnebarnet Ellinor, dagleg med tilsette i heimetenesta og heile tida med jämthunden Sixten, som han knapt er i stand til å handtera. Han har dessutan kameraten Ture, som han no berre når på telefonen, og han har minne og draumar som fører lesaren inn i livet hans, slik det har vore. I det meste av teksten er det tankane til Bo som styrer, og dei er retta mot kona, som om ho var til stades. Dette vekslar fint med stutte loggføringar gjorde av alle som er innom og har tilsyn med han.
No vil dei som har noko med det, ta hunden ifrå han, det er den viktigaste saka i verda for Bo. Dei skal ikkje få ta hunden, ikkje på vilkår, han gjer alt han kan for å hindra dette overgrepet. Men tida er imot han, og sjølv dei som han trur er støttespelarar, prøver å appellera til slik fornuft hjå han som det offentlege nyttar, noko som for Bo er å rekna som svik.
I lange og stutte minneglimt får me sjå ein del av livet til Bo, eit liv med mykje arbeid og ein far som aldri gav han noka form for anerkjenning. Gammern, som han kallar han, var ein grinebitar som ikkje forstod seg på born og ikkje aksepterte veikskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.