Bok

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Publisert

Roman

Med lov skal land byggjast og ikkje med ulov øydast, men alle lover er i grunnen påfunn, og trass i gode intensjonar råkar dei oss ulikt. Det er noko av det den nye romanen til Eivind Riise Hauge handlar om.

Ein stad i vedvarande bergensk uvêr overtek litteraturvitaren Thomas Larsen eit forskingsprosjekt om seriekriminelle og rettsvernet deira, når tidlegare dommar, rette eller urette, har erodert bort truverdet. Ein av desse gjengangarane er Halvard Borge, også kalla Rorgen, som i byrjinga av boka ligg på Haukeland sjukehus og tenkjer tidvis klårt, men andre gonger uklårt om både det eine og det andre. Romanen vekslar deretter mellom arbeidet Thomas Hansen gjer for å finna ut i kva grad Rorgen har fått rettvis handsaming, og episodar i sinnet til Rorgen sjølv, der han tenkjer interessant om mykje og mangt.

Stereotypiar og terapi

Tidleg i boka, medan Thomas er i kontakt med mellom andre ein storrøykjande professor «hev vore» frå Karmøy og ein kamerat som heiter Kjetil, tykkjest personane noko konstruerte, men dette er ei bok som berre veks i kvalitet under lesinga, og aller best er bolkane med Rorgen på sjukehuset, der Eivind Riise Hauge har funne fram til ein herleg rytme i den litt hissige medvitsstraumen, med passasjar krydra med nokre klyper banning, eller med den bergenske avslutninga «mann», og det gjer det heile truverdig. Halvard Borge vert ein person for oss, i kraft av det han tenkjer, og i kontrast til det me får vita at han har gjort, og truleg stadig kan få seg til å gjera.

Forfattaren har gått langt i å tildela Borge eit rikt indre liv og ein kulturell ballast som ikkje høver heilt med den stereotypien som plasserer seriekriminelle i ein taparkategori. Stundom ser ein i teksten ein motsett stereotypi, men då som tankar somme gjer seg, og ikkje noko forfattaren bryt inn med, nemleg at folk med høg utdanning ikkje har bakkekontakt. Særleg ser det ut til å gjelda i psykiatrien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement