Bok
Demokratisk politikk mot teknokratisk styring
Jürgen Habermas skriv om demokratiske vilkår i vår tid.
Professor Jürgen Habermas (t.h.) då han tok imot Holbergs internasjonale minnepris av dåverande kunnskapsminister Øystein Djupedal i Haakonshallen i 2005. Til venstre står styreleiar for Ludvig Holbergs minnefond Jan Fridthjof Bernt.
Foto: Marit Hommedal / NTB
Det var ein gong, då vi framleis var opptekne av vilkåra for demokratiet, at alle kjende til Jürgen Habermas’ Borgerlig offentlighet frå 1962, eminent omsett i 1972 av Helge Høibraaten. Dei fleste las likevel ikkje siste kapittelet i Borgerlig offentlighet, om det trulege forfallet i ålmenta; det tyktest uskjønleg at vi skulle oppleve at demokratiet var truga.
Boka har fire delar: ein lengre artikkel, eit intervju, ein bolk med omgrepsavklaring og så eit fint etterord av Pål Veiden, som set boka inn i kontekst, både historisk og ut frå virket til Habermas. Teksten til Veiden er nyttig og god lesnad, og han er ispedd både undring og lun humor. Omsetjaren Anders Dunker har òg gjort utmerkt arbeid, men eg kunne ønskt meg ei liste med ordforklåringar bak i boka, for nye habermaslesarar.
Eksakt omgrepsbruk
Ein lyt som alltid vere merksam på at Habermas er særs eksakt i omgrepsbruken sin, så ein lyt vere oppmerksam som lesar. Då hjelper det med den nokså lange samtalen, der det heile vert meir munnleg, sameleis er omgrepsdrøftingane mot slutten avklarande.
Eg vart litt forundra over at boka som så tydeleg syner attende til det verket Habermas er mest kjend for, ikkje tek brytetak med Habermas frå 1962 og tanken om at deliberativ politikk – altså den rasjonelt drøftande ålmenta som skaper gode overlegningar og grunnlag for at representantane våre gjer gode vedtak – ville kome til å gå i oppløysing.
Varsam optimisme
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.