Film
Den amerikanske draumen
Lillian er den draumen alle ber på, i ein skitenfin debut frå dystre USA.
Talia Ryder spelar rolla som Lillian – eller Annabelle, som ho kallar seg.
Foto: Sean Price Williams
Lillian (Ryder) er på klassetur til Washington D.C. det siste året på vidaregåande skule. Ingen veit kven Upton Sinclair er, eller noko anna om historia til USA. Flørt og fjas er i fokus.
På ein restaurant stormar ein væpna ung mann inn, skråsikker på at baren driv overgrep mot born i kjellaren, i tråd med populære konspirasjonsteoriar. Lillian blir med ein punkar gjennom ei skjult dør på do. Ei ferd à la Alice ned i ei rekkje kaninhol byrjar.
Slik du ser meg
Sean Price Williams er ein vidgjeten kameraperson. Han har til dømes sikra stil med schwung for Safdie-brørne i Good Time, Alex Ross Perry i Her Smell og Owen Kline i Funny Pages, for å nemne nokre få. Vi snakkar om ei legende innan uavhengig film i USA. The Sweet East er første gong han regisserer ein spelefilm sjølv, men han held framleis i kamera. Det ser vi. Stilen er smakfullt skiten og kornete, filma på 16mm.
Det kler den ruskete turen gjennom ytterkantane av USA i dag. Ingen av gruppene Lillian hamnar hjå, vil nok ta i dei andre med eldtong. Ho vitjar eit kollektiv av kunstnaraktivistar med punkrockstil, ein høgreekstrem, rasistisk akademikar, hippe afroamerikanske filmskaparar og det som verkar som ein gjeng væpna islamistar.
Alle ser ut til å sjå noko uskuldig erkeamerikansk i Lillian, eller Annabelle, som ho kallar seg i møte med rasistiske sørstatsromantikarar. Vi ser blikket deira. Talentfulle Talia Ryder glir glatt over i nye nyansar av rolla. «Du er så random», seier ein.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.