Teater
Den drepande livsløgna
Konvensjonell, men gjennomarbeidd og god tolking av ein moderne klassikar.
Kim Haugen spelar fabrikkeigaren Joe. Petronella har rolla som kona Kate.
Foto: Erika Hebbert
Det kjennest litt godt å oppleve at det framleis gir meining å framføre klassikarar på tradisjonelt vis, utan alle dei plagsame regipåfunna. At Maren Bjørseth har fylt opp delar av scena med kvite plaststolar, som innimellom blir flytta og dels kasta, får vi heller bere over med. Slike «symboltunge» øvingar er visst ikkje til å unngå, og her har dei sin funksjon. Stolflyttinga kan likevel ikkje hindre at framsyninga har fått mykje av den roa som gjer dette til ei meiningsfull oppleving.
På ibsensk vis, og tydeleg inspirert av han, gir Alle mine sønner (1947) ei djuptborande gransking av svik og skuld, som får ekstra dimensjonar fordi det er knytt til krigshandlingar og – skal det syne seg – i tillegg råkar heilt personleg. Her er det handlingar i den nære fortida som pressar seg opp i notida og tvingar fram ein dramatisk konfrontasjon.
Sviket
Joe Keller (Kim Haugen) eig ein fabrikk som under krigen mellom anna produserte delar til krigsfly. Trass i at han visste at nokre av motordelane frå fabrikken var defekte, sende han dei til det amerikanske flyvåpenet.
Resultatet blei katastrofalt. 21 soldatar styrta i døden, mellom dei truleg Joes son Larry. Keller tek ikkje ansvaret for det som skjedde, men seier seg uvitande og legg all skulda på sin partnar, nabo og venn, som får ei lang fengselsstraff. Som tilleggsstraff opplever han at borna hans aldri vitjar han i fengselet. Slik får sviket også ein sosial dimensjon.
Heime hos familien Keller rår ei forsert stemning av tryggleik; det er som om både fru Kate (Petronella Barker), familiefaren og den gjenlevande sonen Chris (Hermann Sabado) går på glør. Dei meir enn anar at heile sanninga ikkje er komen fram – trass i at Joe blei frikjent i retten og etter kvart har vunne attende respekten i samfunnet kring seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.