Bok
Den gamle mannen og draumane
Neshornets hemmelighet er tidlaus fabelprosa i kjend og kjær strek
I ein mannsalder og meir har barnebokkunstnaren Thore Hansen teikna og dikta om verda bortanfor vår eiga, der fantasien og fablane rår. Mange lesarar kjenner han gjennom fantasyserien Skogland. Endå fleire hugsar han for samarbeidet med Tor Åge Bringsværd om sjøormen Ruffen.
I Neshornets hemmelighet møter vi Emilie. Ho har 13 frekner på nasen og seier at ho er 14 år, sjølv om det ikkje er sant. Emilie er «et fantasifullt barn» og «en høflig pike». Frå plassen sin høgt oppe i eit tre ser ho nashornet komme gåande i «en fotsid frakk».
Dei nostalgiske, nesten gammalmodige skildringane gjev teksten eit tidlaust preg. Stiltonen kan verke framandgjerande i starten, men fungerer betre i den underlege verda nashornet har nøkkel til:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.