Bok
Den gong industri og energi skulle tene folket
Tore Li har skrive grundig og med stor opplysningsverdi om samfunnsbyggjaren Finn Lied, politikk og forsking.
Tore Li er dr.philos. i forskingspolitisk historie, forfattar og utgreiar.
Foto: Astrid Waller
«Kva les du», spurde den to år yngre, oppvakte, velorienterte reisefelagen min på toget. «Ein biografi over Finn Lied», svara eg. Eit blankt blikk attende med orda: «Kven er det?» Eg la, litt oppglødd over lesinga, ut: «Han gjorde mangt og mykje. Motstandsmann under krigen, så dreiv han med forsvarsforsking, sidan leidde han romforskingsprogram og kopla Noreg opp til internasjonale partnarar. Han etablerte norsk atomforsking på Kjeller, han var industripolitikar og ei stutt tid industriminister… Han levde ikkje hemmeleg.» «Hjelper ikkje», sa kameraten min, «eg kan ikkje hugse ein slik ein.»
Det er å vone at boka til Tore Li kan rette opp i ei slik gløymsle. Finn Lied var mellom oss lenge; han døydde i 2014, 98 år gammal. Tore Li var nok rette mannen til å skrive. Han har granska amerikansk forskingspolitikk og vore offentleg utgreiar, og han har såleis ikkje berre eit unikt tilhøve til kjeldemateriale om teknologisk forsking og forskingspolitikk gjennom etterkrigstida, men kan perspektivere slikt stoff ut frå internasjonale tilhøve.
Frå innsida
Dette er ei soge frå innsida. Difor kviler ho heldigvis ikkje på uklåre eller sensasjonsprega avisartiklar, nedskrivne rykte eller frie spekulasjonar; alle kjelder verkar pålitelege. Jamvel vert det rimeleg godt kjende engasjementet i motstandskampen under krigen endå klårare her. I barndommen budde han nemleg ei tid i Mo i Rana og vart kjend med motsetningane i storindustrien, noko som tydelegvis gjorde inntrykk både sosialt og for nyfikna overfor ingeniørkunsten.
Studiet ved Noregs tekniske høgskule vart avbrote av krigen. Til gjengjeld førte diskusjonane i Studentersamfunnet og engasjementet i Ap i 1930-åra til at kampen mot nazismen vart eit sjølvsagt val. Då Lied måtte flykte og via Sverige kom til London, fekk han nytte av radioamatørerfaring og interesse for teknologi, for han kom tidleg med i arbeid ved Forsvarets overkommando. Her vart han ven med folk som skulle få sentrale roller i oppbygginga av teknologisk industri, tenesteyting og forsking i Noreg. Sidan kunne han både fullføre ingeniørutdanninga og i starten av 1950-talet drive forskingsarbeid i England, med gode internasjonale nettverk til fylgje.
Problemløysing
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.