Musikk
Den gråtande syklisten
Laura Veirs har laga plate om tida etter brotet.
Laura Veirs har alltid vore ein sterk låtskrivar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Lauraveirs.com
Eg veit det er dårleg timing, men det er likevel ein haustsong eg har på hjernen for tida: I «Autumn Song», som opnar årets sommaralbum frå Laura Veirs, Found Light, erklærer ho like godt sommaren for over i første verseline. Tida er inne for å lage ei liste, syng Veirs, ei oversikt over måtar å vere fri på, måtar å sleppe taket på – over alt ein veit no, som ein ikkje visste før.
Det var tidleg på hausten i 2019 at Veirs og ektemannen Tucker Martine gjekk frå kvarandre, og brotet mellom dei skal ha vore både konfliktfylt og komplisert. Ikkje berre hadde dei to barn i lag, også karrierane var filtra saman, i eit musikalsk samarbeid som hadde vart i to tiår.
Vegen vidare
I eit intervju med The Guardian for eit par år sidan fortalde Veirs at ho sykla rundt i Portland, der dei budde, idet forholdet fall frå kvarandre: «Eg tok til å kalle meg sjølv den gråtande syklisten», sa ho lakonisk til avisa.
Tre år seinare er altså Found Light her, ei plate pressemeldingane insisterer på at slike som meg ikkje skal kalle eit «skilsmissealbum». Eg skjøner kvifor, for sjølv om nokre av populærmusikkens største klassikarar har vore nett slike plater, så har dei noko tilbakeskodande over seg, medan dei nye songane til Veirs snarare dokumenterer tida som følgjer brotet, der noko nytt sakte, men sikkert er i emning, ei ny framtid det gradvis vert mogleg å førestille seg.
Utan Martine som medmusikar og produsent har dessutan Veirs kunna oppdage seg sjølv på nytt (med Shahzad Ismaily som medprodusent), og det tolvte studioalbumet hennar stakar på mange måtar ut eit nytt terreng, som i ei lydleggjering av lista ho set føre seg å lage i opningssporet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.