Bok

Den motsette vegen

Publisert

Hva vil folk si og Iram Haq fekk strålande kritikkar og gjorde nærast reint bord i det norske filmåret 2018. Filmen vann heile fire Amanda-prisar og var norsk kandidat i Oscar-utdelinga. Saman med Hilde Hagerup har Haq no omarbeidd manuset til ein ungdomsroman med same tittel.

«Sjå filmen, les boka», oppmodar forlaget på omslaget. Filmar baserte på bøker finst det tallause døme på, sjeldan går nokon motsett veg.

Dei fleste lesarane vil ha bileta frå filmen på netthinna når dei opnar boka. Norsk-pakistanske Nisha er 16 år, vakker og glad. Ære, skam og skuld driv familien til å forbryte seg mot henne. Der filmen syner den tause desperasjonen gjennom blikk og mimikk, får vi ta del i tankane som rasar gjennom hovudet til Nisha i romanen.

Tankestraumen har lyriske innslag. Rytme og gjentakingar skaper pusterom i den hektiske og høgdramatiske handlinga, sjølv om det hender at teksten haltar i desse bolkane.

Forteljarperspektivet ligg lojalt hjå Nisha. Dei andre karakterane kjem i bakgrunnen. Farens viktige birolle blir dermed mindre nyansert enn i filmen. På ei anna side gjev boka djupare innsikt i kor vanskeleg det er å høyre til i to kulturar. Håpet om forsoning finst både i teksten og på lerretet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement