Bok
Den nasjonalsosialistiske subkulturen
Terje Emberland har skrive ein overraskande studie med mykje nytt stoff og med ny relevans om åra 1932–1940 i Noreg.
Ungkonservatismen var inspirert av både den italienske fascismen og den tyske nasjonalsosialismen. Fredrelandslagets Ungdom i Noreg tok til seg både uniformer og «heil»-helsing.
Foto via Wikipedia / Dreyers Forlag
Terje Emberlands nye bok er forvitneleg på mange måtar, især av di ho er litt uhyggjeleg. På underleg vis har boka noko svært aktuelt over seg. Vi ser her eit kulturelt substrat i miljø av ofte ressurssterk ungdom, som elevar i gymnaset, men òg ungdom skadde i oppvoksteren, med ein trong til å gjere seg gjeldande og ta igjen for alle fortredelege opplevingar.
Sigurd Hoel gav i si tid ein analyse gjennom den heltemodige motstandsmannens funderingar over korleis han sjølv hadde vore med på å skape ein nazist og torturist i son sin. Møte ved milepelen (1947) er dels rekna som Sigurd Hoels beste roman, men dels er boka også vorten låtteleggjord, ikkje minst av Georg Johannesen, som bortforklåring av korleis nazistar vart skapte.
Vel, vi har sidan 2011 hatt nye diskusjonar om korleis ein øydelagd barndom og ungdom kunne gjere seg gjeldande i forminga av vår eigen terrorist som utførte dei fælslege handlingane i Oslo og på Utøya.
Underskog av miljø
Nokre av dei Emberland skriv om, er av eit liknande slag. Det interessante er at fleire av dei igjen må seiast å tilhøyre høgre middelklasse, somtid av fallerte fedrar, eller også beint fram overklassen. Studiet av guteklubbane og venskapsringane som lét seg forføre av det vi i den tidlege fasen kanskje kan kalle Hitler-begeistring, sidan klårare nazisme og fascisme, er her opna, og forfattaren oppmodar til at det vert gjort meir arbeid.
Eg kunne tenkt at det ville vore bryet verdt å gjere tilsvarande studiar av småbyane Ålesund, Haugesund og Stavanger fram til krigens dagar. Især ein slik studie frå Stavanger, der det var sterke motsetningar mellom kommunistar og sterkt ytrehøgreorienterte, og der mange vart gestapistar, ville vore interessant – og syrgjeleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.